![Ullensvang kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/5/vertical-0/23/1/354/087/921_5c6899ce-c514-47b5-81b1-b5cddab4bacf.png)
Ullensvang kommune søker rektor
- Arbeidsgiver: Ullensvang kommune
- Stillingstittel: Ullensvang kommune søker rektor
- Frist: 7.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Ullensvang kommune søker rektor på:
- Hauso skule
- Opedal skule
- Vikebygd skule
- Kinsarvik skule
Presentasjon av stillingsutlysinga (kopier link inn i nettleseren)
https://new.express.adobe.com/webpage/WEi60ZzOPtKCT
Ullensvangskulen
I Ullensvang har vi ti grunnskular plassert rundt omkring i vår vidstrakte kommune. Storleiken på skulane er variabel, og nærmiljøet til den einskilde skule er ulikt. Men alle skulane har rik tilgang til områder for leik og friluftsliv som strekker seg frå fjord til fjell.
Ullensvangskulen har eit brennande hjarte for elevane. I Ullensvangskulen skal vi saman legge til rette for læring for alle elevar og stimulera den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi er opptatt av å førebyggja utanforskap i eit inkluderande fellesskap og eit trygt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.
Vi søkjar no rektorar til fire av skulane våre:
Hauso skule
Hauso skule ligg på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, med fruktgardar som næraste nabo. Skulen ligg på Hauso, omlag 4 mil frå administrasjonssenteret vårt Odda. Skulen har 76 elevar fordelt på 1.-10. trinn, eigen SFO-avdeling, eit flott basseng og spesialrom. Skulen har stort uteområde tilrettelagt for leik og læring.
Leiarteamet ved skulen består av rektor, avdelingsleiar og teamleiarar for barne- og ungdomssteget. Administrasjonen består i tillegg av ein merkantil, ein fagansvarleg for SFO, rådgjevar, helsesjukepleiar og bibliotekar.
Skulen har fokus på inkluderande praksis, blant anna gjennom tverrfaglege tema. Dei arbeider med skulen sine verdiar; positivt menneskesyn - engasjement - samarbeid og struktur.
Opedal skule
Opedal skule ligg midt i bygda Lofthus med eit flott uteområde, både på skulen og i nærmiljøet som dei nyttar ofte. Skulen har inneverande skuleår 118 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har mange nasjonalitetar og i samband med dette har skulen og ein velkomstklasse og ein språkklasse. Skuleleiinga består av rektor og avdelingsleiar, i tillegg teamleiarar og bibliotekar.
Visjonen og målet for skulen er trivsel og læring for alle. Skulen arbeidar med verdiar; positiv klasseleiing og undervisning etter læringssirkelen for å oppnå dette. Verdiane er utarbeidd av tilsette, elevar og føresette ved skulen. Dei vert nytta som refleksjonsverkty i undervisninga, og all aktivitet og læring skal knytast til desse.
Kjerneverdiane ved skulen er:
- på Opedal skule har me eit positivt læringsmiljø
- me er på skulen for å læra
- på Opedal skule skal alle få oppleva å meistra kvar dag
- på Opedal skule kjenner me til og nyttar nærmiljøet
Vikebygd skule
Vikebygd skule ligg idyllisk til i skråninga over Nå sentrum, på vestsida av Sørfjorden. Skulen har 42 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Skuleplassen framstår som innbydande, med ballbinge og diverse leikestativ, i tillegg til “fri-areale” som kan nyttast til ulike aktivitetar. Skuleleinga består av rektor, og ein merkantil støtte, i tillegg helseskjukepleiar og bibliotaker. Skulen sine verdiar; tryggleik, respekt, god kommunikasjon, lærelyst og meistring er fokuset både i undervisningssamanheng og i fellessamlingar for heile skulen. Skulen er ein dysleksivenleg skule og har fokus på inkluderande arbeidsmåtar med mål om å auke lesekompetansen hjå elevane og redusere oppmelding til spesialundervisning.
Skulen arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i nærmiljøet. Dei tilsette er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen.
Kinsarvik skule
Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 170 elevar frå 1.-10.trinn. Den ligg fint til sentralt i Kinsarvik med gode uteområde kring skulen. Elevane på ungdomstrinnet kjem frå austsida av Sørfjorden. På Kinsarvik skule er det elevar frå mange ulike land, så det er eit stort mangfald i elevflokken. Skuleleinga består av rektor og to avdelingsleiarar, i tillegg rådgjevar, ein leiar for SFO, merkantil, helsesjukepleiar og biblotekar. Visjonen for skulen er Kinsarvik skule - ingen utanfor. Skulen sine kjerneverdiar er; kunnskap i fokus, positivt læringsmiljø, toleranse og respekt, godt samarbeid og god kommunikasjon.
Vår standard for rektorar;
Arbeidsoppgåver for rektor:
- God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.
- Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.
- Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.
- Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme.
- Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette
- Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.
Samarbeid
- Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.
- Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.
- Erfaring som leiar frå skule og opplæring.
- Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss.
- Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.
- Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov.
- Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.
- God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg
Personlege kvalifikasjonar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.
- Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.
- Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess.
- Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.
- Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.
- God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette.
- Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.
- Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.
- Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren.
Vi tilbyr
Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling.
- Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.
- Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR.
- Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov.
- Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet.
- Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar.
Vilkår
- Løn: Etter avtale
- Pensjon og forsikringar: Gode ordningar
- Oppstart: Etter avtale
Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved.
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
Alle søkjarar vert sett opp på ei offentleg søkjarliste. Det kan søkjast om anonymitet, men det må liggja føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør offentlighetsloven § 25.
Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen!
Om arbeidsgiveren
ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune.
Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Tar du utfordringa?
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Antall stillinger: 4
- Sted: Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, tjenesteleder, skoleledelse
- FINN-kode 354087921
- Sist endret