Administrasjonssjef ved Michael Sars-senteret

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Administrasjonssjef ved Michael Sars-senteret
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Administrasjonssjef ved Michael Sars-senteret

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Administrasjonssjef ved Michael Sars-senteret

Er du klar for ein utfordrande og spennande leiarrolle ved universitetet? Ved Michael Sars-senteret (https://www.uib.no/michaelsarssenteret), som er ein del av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (https://www.uib.no/matnat) har vi ledig ei stilling som administrasjonssjef med forventa oppstart frå 01.10.2024.


Michael Sars-senteret - eit internasjonalt forskingsfellesskap i marinbiologisk livsvitskap

Ved Michael Sars-senteret (https://www.uib.no/michaelsarssenteret) brukar vi avanserte teknologiar for å studere den unike molekylære og cellulære biologien til marine organismar i eit miljø i endring og for brei samfunnsmessig påverknad. Som den første historiske partnaren til Det europeiske molekylærbiologilaboratoriet (EMBL) (https://www.embl.org/), er Michael Sars-senteret (https://www.uib.no/michaelsarssenteret)forankra i det akademiske miljøet i Bergen og fungerer som ein nasjonal strategisk ressurs for norske marinbiologiske vitskapar. Michael Sars-senteret har som mål å etablere, styrke og utnytte lokale, nasjonale og internasjonale nettverk gjennom spesifikke aktivitetar, inkludert samarbeidsforsking, felles opplæring og vitskapleg utveksling. Senteret har ei vitskapleg rådgjevingskomité og eit rådgivande styre.

Senteret har for tida 6 forskingsgrupper med kvar sin gruppeleiar og til saman ca. 12 forskarar, 11 postdoktorar, 9 ph.d.-stipendiatar, 20 teknisk og 5,5 administrativt tilsette. Administrasjonssjefen koordinerer også leveransar frå HR- og økonomitenestene som ligg på fakultetet. Samla budsjett ligg på vel 78 mill. kroner der om lag 15 mill. kroner er eksternfinansierte prosjekt. Senteret har ambisjonar om auka eksternfinansiert prosjektportefølje framover, og administrasjonssjefen vil få ei viktig forskingsadministrativ rolle i dette arbeidet.


Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

Som administrasjonssjef vil du ha eit breitt ansvarsområde og med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av senteret. Du inngår i senteret si leiargruppe og rapporterer til og samarbeider tett med senteret sin direktør. Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:

  • leie og ha personalansvar for administrasjonen
  • utvikle dei administrative tenestene slik at dei bidrar til å styrke forskingsgruppene sin internasjonale konkurranseevne
  • implementere og fylgje opp administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet
  • saman med senterdirektøren ivareta arbeidsgjevaransvaret
  • saman med senterdirektøren organisere og følgje opp økonomistyrings, ressursdisponering og arealforvalting
  • gi støtte og råd til senterdirektøren i administrative, økonomiske og strategiske saker
  • drive forskingsadministrasjon, prosjektoppfølging og anna arbeid for å styrke den eksternfinansierte aktiviteten ved senteret
  • ha oversikt over senteret sine personalressursar og rekrutteringsbehov
  • saman med senterdirektør vidareutvikle arbeidsmiljøet ved senteret og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret
  • vere bindeledd mot lokale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • vere sekretær for det rådgjevande styret

Du må vere budd på at det kan skje endringar i ansvar og oppgåver over tid.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • gode leiarkvalitetar og interesse for leiing, relevant erfaring og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold
  • relevant praksis og utdanning på minst masternivå eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
  • forståing og interesse for offentleg sektor
  • erfaring frå administrasjon og tyngre utgreiingsoppgåver
  • erfaring frå økonomistyring og personalleiing er ein føremon
  • støtte for ekstern prosjektanskaffing og forskingsadministrasjon er ønskeleg
  • evne og vilje til å bruke nye digitale verktøy er ein føremon
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane. Vi ønskjer ein administrasjonssjef som:

  • har ein motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog
  • har evne til å ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement
  • har god organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • har evne til å leie og arbeide målretta, med god framdrift og resultatoppnåing
  • har stor arbeidskapasitet og ein effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil

Vitnemål og attestar skal lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.

Du må vere førebudd på at intervjuet delvis vil føregå på engelsk.


Vi tilbyr:

  • Utfordrande og utviklande arbeids- og leiaroppgåver i eit aktivt, godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med dyktige kollegaer
  • Deltaking i leiarnettverk ved fakultetet og UiB
  • Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) og brutto årsløn frå kr. 745 000 - 796 600 (tilsvarande lønnssteg 74-77). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du hos: Direktør av Michael Sars-senteret, Lionel Christiaen, e-post: Lionel.Christiaen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, Vivian.jacobsen@uib.no (http://Vivian.jacobsen@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka jamstilling og ønskjer kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt jamstillings- og mangfaldsarbeid blir lagt vekt på ved rekruttering av leiarar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir følgt opp, vil søkjaren bli varsla om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Michael Sars Centre – Les meir her.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Allégaten 41, 5007 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lionel Christiaen
Stillingstittel
Direktør
Følg firma
1206 følger dette firmaet

Allégaten 41, 5007 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353821941
Sist endret 21. mai 2024 09:54

Rapporter annonse