Inaktiv

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Valestrand skule
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Valestrand skule har ledig stilling som avdelingsleiar. Er du nytenkande, har fokus på å byggje gode læringsmiljø og i tillegg er ein varm, tydeleg og strukturert skuleleiar, vil vi gjerne ha deg med på laget.

Valestrand skule er ein 1.- 7. skule med om lag 250 elevar og 30 tilsette. Skulen sitt leiarteam består av to avdelingsleiarar, rektor og SFO-leiar. Osterøyskulen sin visjon er "Lærelyst for meistring i framtida" der skulen har tre kjerneverdiar: engasjert, inkluderande og kreativ.

Osterøyskulen sine satsingsområde er Trygt og godt skulemiljø med fokus på Olweus, elevmedverknad og lesing. Vi har stort fokus på eit tett samarbeid internt på skulen, men også med våre andre kollegaer i Osterøyskulen.

Hjå oss er elevstemmen særs viktig og vi har mellom anna Elevane sitt heradsstyre, der dei vert høyrt politisk, leia av ordføraren vår. For at elevane våre skal lære best mogleg, ønskjer vi at skulen skal vere prega av gode relasjonar, heilskapleg tenking, varierte arbeidsmåtar og tilpassa opplæring. Ein gong i månaden har Valestrand skule temadag, der elevane vert aldersblanda og gjer aktivitetar som styrkjer relasjonane mellom alle ved skulen vår.

Vi har eit personale som er engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vi har ein gong i månaden felles utviklingstid med dei andre lærarane i Osterøyskulen. Det er tett og godt samarbeid mellom skule og SFO, og vi legg vekt på at barna skal oppleve ein heilskap og samanheng gjennom heile dagen.

Valestrand skule ber preg av eit godt miljø, samhald og trivnad både mellom elevar og tilsette. På Valestrand får du moglegheit til å arbeide i ei engasjert personalgruppe med brei kompetanse og med ein iver til utvikling. Vi legg vekt på at dei tilsette skal utfylle kvarandre med den faglege og personlege kompetansen dei har. Det same ønskjer vi for leiarteamet.

Skulen ligg på Valestrand i gangavstand til ferjekaien som tar deg over til Breistein på 10 minutt. Skulen har flotte uteområde med mange fine turmoglegheiter kringom som skulen nyttar flittig.

Ønskjer du å bli med på laget vårt?


Om du har det som trengs og kjenner deg igjen i nemnte eigenskapar vil du få følgjande arbeidsoppgåver

  • Personalleiing
  • Oppfølging av elevar og føresette
  • Pedagogisk leiing og skuleutvikling
  • Resultatoppfølging og iverksetting av tiltak
  • Administrativ leiing, mellom anna vikarhandtering
  • Arbeid med trygt og godt skulemiljø
  • Fagleg oppfølging og utvikling
  • Fremje ein god arbeidskultur, eit godt læringsmiljø og bidra til eit lærande profesjonsfellesskap
  • Leiargruppa delar oppgåver og ansvar ut frå behov og kompetanse.

Vi tilbyr

  • Inkluderande og positive kollegaer
  • Spanande og utfordrande oppgåver
  • Du får vere med å utvikle Osterøyskulen i fellesskap med skuleleiinga i heile kommunen
  • Rom for personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse og Gjensidige

Kvalifikasjonskrav

  • Du har relevant pedagogisk utdanning og praksis
  • Det er ein fordel med relevant leiarutdanning og erfaring. Ein kan framleis søkje utan, men det vilvere venta at ein tileignar seg dette innan dei neste tre åra
  • Du har erfaring med individuelt tilrettelagd opplæring
  • Du har god kompetanse innanfor relasjonsbygging
  • Du er pedagogisk nysgjerrig med interesse for ulike undervisningsmetodar og arbeidsformer
  • Du har gode IKT-kunnskapar og god kjennskap til digitale læringsressursar


Vi ser etter deg som har

  • Elevsyn i tråd med overordna del i LK20
  • Brenn for elevane si læring og har eit hjarte for elevane våre
  • Trivast med samarbeid som metode
  • Er strukturert, effektiv, fleksibel, løysingsorientert og tydeleg
  • Toler å stå i utfordringar og har stor arbeidskapasitet
  • Forstår kva det vil seie å leie, vise tillit, gje ansvar og følgje opp
  • Har erfaring som tydeleg klasseleiar og har evne til å rettleie andre
  • Du har eit godt humør som smittar over på dei rundt deg

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

skole, undervisningsinspektør, grunnskole, skoleleder, grunnskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt Rød
Stillingstittel
Rektor
Telefon
95 88 46 75
Kontaktperson
Elin Kleppe Fossbakken
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 19 27 64
Følg firma
176 følger dette firmaet

Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353297189
Sist endret 24. mai 2024 00:04

Rapporter annonse