Er du vår nye rektor ved Skjåk barne- og ungdomsskule?

Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Ynskjer du å bli med på ei spennande utviklingsreise der akkurat DU gjer ein forskjell for barn og unge sine oppvekstvilkår i ein innovativ kommune?

Skjåk barne- og ungdomsskule opna i august 2018 som ein moderne, funksjonell og triveleg skule som inspirerer til læring, aktivitet og kreativitet både inne og ute. Skulebygget ligg i sentrum med mellom anna idrettsanlegg, idrettshall, symjehall og bibliotek nærast vegg i vegg. Skulehelsetenesta er aktivt til stades og har eige lokale på skulen. Som ein integrert del av skulen er det ei forsterka avdeling for elevar med meir samansette behov.

Det er i overkant av 180 elevar ved skulen. Kollegiet teller nærare 50 tilsette, inkludert assisterande rektor og merkantilt tilsett.

Skulen er inne i eit utviklingsarbeid kring kulturbygging gjennom byrjaropplæring, dette heng tett saman med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Skrivesenteret og Senter for praksisretta utdanningsforsking er med som rettleiarar og støtte i denne prosessen.

Skjåk kommune er saman med nabokommunen inne i ein prosess der vi utviklar system kring BTI (Betre tverrfagleg innsats). Førebyggande plan for oppvekst vart vedteke i 2023, og gjev mål og føringar for mellom anna BTI, kompetanse i å bygge trygge barn og trygge relasjonar, modellar for analyse og tiltak, inkluderande praksis samt digitale samhandlingsarenaer.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre elevane våre eit trygt og godt skulemiljø som fremmar inkludering, helse, trivsel og læring.
  • Vere ein pådrivar for samarbeid i laget rundt barnet i tråd med førebyggande plan for oppvekst for Skjåk kommune.
  • Vidareutvikle involvering, deling og samarbeid i kollegiet slik at skulen sikrar god tilpassa undervisning og godt læringsutbytte hjå kvar enkelt elev.
  • Inspirere, motivere og gje retning til dei tilsette gjennom utviklingsarbeid. 
  • Sikre elevmedverknad, samt samarbeid med føresette.
  • Administrativ drift av skulen gjennom økonomistyring, personalansvar og pedagogisk fagleg leiing.
  • Stillinga ligg under kommunalsjef oppvekst og utdanning. Rektor deltek i kommunalsjefen si leiargruppe, samt den utvida leiargruppa i Skjåk kommune.

 Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning.
  • Dokumentert leiarerfaring, gjerne rektorerfaring.
  • Utdanning innanfor leiing er ynskjeleg, skuleleiarutdanning er ein fordel.
  • Erfaring frå, og kunnskap om plan-, utviklings- og omstillingsprosessar.
  • God økonomiforståing.
  • God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid- og samhandling.
  • Kunnskap om, og forståing av offentleg sektor og administrasjon.
  • Det er ein fordel å kunne syne til resultat innafor utviklings- og omstillingsprosessar, samt frå arbeid med økonomistyring.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

 Politiattest må leverast før tilsetjing.

Vi vektlegg at du

  • er ein tydeleg leiar
  • legg til rett for gode relasjonar med både elevar, føresette, tilsette på skulen, kollegar i organisasjonen og eksterne aktørar
  • inspirerer og motiverer tilsette og elevar
  • arbeider mot både kortsiktige og langsiktige mål
  • samlar kollegiet i arbeidet om felles mål
  • taklar utfordringar, krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar
  • finn gode løysingar
  • er fagleg sterk
  • er engasjert og lyttande
  • er ambisiøs på skulen og elevane sine vegne

 

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i, gå inn på lenka under for meir informasjon: https://www.skjaak.kommune.no/tenester/naring-landbruk-og-miljo/sats-pa-skjak/provebustadar/provebu/

 

 Spørsmål kan rettast til

Kons. kommunalsjef Kari Anne Skjaak, mobil 97618847, kari-anne.skjaak@skjaak.kommune.no               

         

 Søknadsfrist 9. juni, 2024.

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

skole, skoleutvikling, Økonomi, Ledelse, Skjåk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Anne Skjaak
Stillingstittel
Konstituert kommunalsjef
Mobil
97 61 88 47
Følg firma
3 følger dette firmaet

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Annonseinformasjon

FINN-kode 353173090
Sist endret 15. mai 2024 12:55

Rapporter annonse