Inaktiv

Rektor Stryn vidaregåande skule

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune*
Stillingstittel
Rektor Stryn vidaregåande skule
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule i indre Nordfjord?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Stryn vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Stryn vgs har omlag 300 elevplassar og 60 tilsette og tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram, helse og oppvekst, bygg og anlegg, og teknologi- og industrifag. I tillegg har skulen landslinje for skiskyting.

Skulen er ein del av eit allsidig lokalsamfunn og har gode samarbeidstradisjonar med arbeids- og samfunnsliv. Regionen har gode rekreasjonsområde med nærleik til fjord og fjell og rike tradisjonar for aktivitetar både sommar og vinter.


Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.


Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde for stillinga:

- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Leie strategi- og utviklingsprosessar
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personalleiing
- Ivareta medverknad mot næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- Økonomistyring

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.

Det er ønskjeleg at du:
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
- har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak

Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er

- open, nytenkjande og tillitsskapande
- har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
- har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande

Vi tilbyr

- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse.

Andre opplysningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Stillinga er ledig frå 1. august 2024, tiltredning seinast 1. oktober.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Hegrevegen 1, 6783 Stryn
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Rektor, Videregående opplæring, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf Årdal
Stillingstittel
områdeleiar
Telefon
91 81 95 46
Følg firma
1088 følger dette firmaet

Hegrevegen 1, 6783 Stryn

Annonseinformasjon

FINN-kode 352144891
Sist endret 28. mai 2024 00:00

Rapporter annonse