Vil du bli økonomisjef ved landets største teater?

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst til å jobbe med økonomistyring i ein spennande kulturinstitusjon? Vi er på utkikk etter ein fagleg dyktig økonomisjef som meistrar både høgt tempo og langsiktig planlegging i eit hus prega av raske sceneskift. Økonomisjefen skal, saman med direktøren, sikre at teateret har ein sunn økonomi, slik at vi kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar.

 

Økonomisjefen får mellom anna ansvar for økonomistyring, finansiering, prosessforbetringar, framskrivingar, analysar, budsjettering, rekneskap og innkjøp. Leiaren for dette området har i dag personalansvar for tilsette på økonomi- og personalområda og er med i leiargruppa. Teateret er i ferd med å tilsette ny direktør, og denne vil avgjere framtidig organisering av stabs- og støttefunksjonar. Vi brukar frå 2024 økonomisystemet Xledger.

 

Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og systematisk nå mål. Vi ønsker oss ein økonomisjef som er ein sikker analytikar, som òg kan formidle funn så dei blir forstått.

Søkarar bør vere gode i både nynorsk og engelsk og ha høg arbeidskapasitet.

 

Vi tilbyr:

·        ei nøkkelrolle bakom scenane på Noregs største teater og scenekunst i rikt monn.

·        eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver

·        lønn etter avtale og gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar,

 

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.

Gå inn på www.mollerstad.no for å legge inn søknad innan 27.05.24.

 

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2023 var nær 700 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Teateret spelar i dag på tre faste scenar i sitt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Analyse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

økonomi, økonomistyring, analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Møllerstad
Mobil
91 55 97 52
Følg firma
584 følger dette firmaet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 350783345
Sist endret 29. apr. 2024 14:46

Rapporter annonse