Er du vår nye utrykkingsleiar?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
Stillingstittel
Utrykkingsleiarar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden brann og redning (BBR) søkjer to nye utrykkingsleiarar.

I gjennomsnitt har vi 300 oppdrag i året der utrykningsleiaren, saman med vaktlaget, er første varsla ressurs etter at nødtelefonen er handtert. For at vi skal kunne oppretthalde beredskapsstyrken si kapasitet og innsatsevne, treng vi leiarar med gode samarbeidsevner og evne til å handtere stressande situasjonar. Stillinga som utrykningsleiar inneber å leie og utvikle eit beredskapsteam. Saman med sitt vaktlag og øvrige leiarar skal utrykkingsleiaren sikre ei beredskap som kan handtere omfattande brannar og ulukker.

Bjørnafjorden brann og redning har ledig 2 x 103% stilling som utrykkingsleiar ved beredskapsavdelinga på Os. Utrykkingsleiarane utgjer ein del av dagberedskapen, med leiar for beredskapsavdelinga som nærmaste overordna leiar.

Hovudstillinga som utrykkingsleiar inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går utrykkingsleiarane i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.

Arbeidsstad Brannstasjonen på Os

Arbeidsoppgåver:

  • Utrykkingsleiar for eit vaktlag, som skal utnytte ressursane på best mogleg måte ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
  • Ivareta utrykkingsleiarfunksjonen på skadestaden
  • Gjennomføre systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse til vaktlaget
  • Følgje opp krav som omfattar internkontrollforskrifta
  • Vurdere sine underordna sine kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Vere oppdatert på gjeldande instruksar, prosedyrar og rutinar
  • Utføre oppgåver delegert av overordna leiarar
  • Instruere på eksterne og interne kurs
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga og søkjarar må forplikte seg til å gjere anna teneste etter brannsjefen sine nærmare føresegner.

Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.

Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. Politiattest

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • Bestått utdanning som utrykkingsleiar ved Brann- og redningsskolen i samsvar med brann- og redningsvesenforskrifta - § 41 (søkjarar som ikkje tilfredsstiller utdanningskravet må forplikte seg til å gjennomføre og bestå dette etter tilsetjing)
  • Førarkort minimum klasse B, du må rekne med å ta klasse C for eiga rekning om du ikkje har dette frå før
  • Bustad i nærleiken av Os brannstasjon
  • Oppfylle helse/fysiske krav som stillast til utrykkingspersonell
  • God fysisk og psykisk helse

Du bør ha:

  • Leiarerfaring gjerne frå brannvesen eller andre operative etatar
  • Fagbrev eller anna utdanning på høgskulenivå frå relevante fagområde innan beredskap, risiko- og leiing er ønskjeleg
  • Minst 5 års erfaring som brannkonstabel ved eitt brannvesen/annan relevant operativ erfaring og har gjennomført grunnkurs for brannkonstabel
  • God kjennskap til bruk av dataverktøy og fagsystem
  • Erfaring frå beredskapsarbeid
  • Redningsdykkarkompetanse
  • Førstehjelpskompetanse
  • Kompetansebevis for førar av utrykkingskøyretøy K160
  • Avtent førstegongsteneste
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiar- og samarbeidsevner og evne til situasjonsbestemt leiing
  • God til å kommunisere mål og forventningar
  • Gode evner til sjølvrefleksjon og sjølvinnsikt
  • Kunne handtere akutte stressande situasjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og vise initiativ
  • Vere løysingsorientert
  • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • Vere eit forbilde som kan identifiserast med Bjørnafjorden kommune sine verdiar

Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Trening i arbeidstida
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Antall stillinger
2
Sted
Mobergsbakken 111, 5200 Os
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Annet,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Ledelse,
Annet

Nøkkelord

brann, beredskap, vakt, leder, utrykkingsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brannsjef Espen Storum
Telefon
99 62 07 75
Kontaktperson
Leiar beredskap/varabrannsjef Erik Walden
Telefon
90 75 82 58
Følg firma
489 følger dette firmaet

Mobergsbakken 111, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 350321675
Sist endret 26. apr. 2024 12:46

Rapporter annonse