Brenn du for både menneske og teknologi? Her har du ein unik sjanse!

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Helse og velferd
Stillingstittel
Leiar for faggruppe e-helse
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig 100 % stilling som leiar for fagruppe e-helse, og vi søkjer deg som ser kva teknologi kan gjere for å utvikle helse- og velferdstenestene våre.

Saman med eit svært dyktig team skal du bidra til å utforme morgondagens tenester til det beste for innbyggarane. Du og teamet skal, saman med eksterne samarbeidspartnarar, ha kontroll med produkt og løysingar i bruk, sjå utviklingsmoglegheiter, utforme digitale strategiar og legge konkrete handlingsplanar for gjennomføring av desse strategiane. Du vil jobbe på tvers av einingane i sektoren Helse og velferd og stabstenestene i kommunen, og ha det administrative og overordna faglege ansvaret for digitalisering og tenesteutvikling innan e-helse

Arbeidsstad
Fagstab, Rådhuset Os

Dine hovudppgåver

  • Administrativt ansvar for faggruppa e-helse
  • Finne gode løysingar, implementere og syte for at satsingar og prosjekt kjem i mål og gir resultat
  • Vere pådrivar for tenesteutvikling gjennom helseteknologi, og passe på at vi tenker heilskapleg i alle satsingar og prosjekt
  • Porteføljestyring av e-helse og velferdsteknologi, inkludert det kommunale hjelpemiddellageret
  • Rådgiving og systemansvar for kommunen sin digitale strategi
  • Syte for at prosjekt har planar for gevinstrealisering og støtte einingsleiarane i arbeidet med å hente ut gevinstane
  • Innkjøp og oppfølging av leverandøravtalar

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning, helst på masternivå
  • Relevant erfaring frå leiing av større kommunale prosjekt innan digitalisering og/eller tenesteutvikling
  • Relevant erfaring frå leiing på både strategisk nivå og i dagleg drift
  • Kompetanse og erfaring innan teknologi

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå samanhengar og løysingar på tvers av tradisjonelle skiljelinjer i ein organisasjon
  • Evne til og ønske om - å leie, skape tillit og samarbeide i eit tverrfagleg prestasjonsteam
  • Gode strategiske og analytiske ferdigheiter, kombinert med evne til å omsetje strategi til praksis
  • Evne til å setje deg inn i store og komplekse problemstillingar
  • Forståing for rammevilkåra i ei kommunal verksemd, og for leiarrolla i eit politisk/administrativt system

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Prosjektleiar.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Leder, Digitalisering, Helseteknologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kommunalsjef Monica Totland Melvold
Telefon
93 00 68 21
Kontaktperson
Prosjektleder Helseteknologi Mike Görtz
Telefon
47 78 21 62
Følg firma
488 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 349746092
Sist endret 22. apr. 2024 12:51

Rapporter annonse