Krokedalen barnehage SA søkjer dagleg leiar

Arbeidsgiver
Krokedalen barnehage SA
Stillingstittel
Daglig Leder
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Krokedalen barnehage har ledig stilling som dagleg leiar i 100% fast stilling frå 01.08.2024.

Krokedalen barnehage SA er ein privat, foreldreeigd barnehage. Barnehagen har tre avdelingar med til saman 57 barn og 16 tilsette. Vi har eit moderne bygg med nytt uteområde og eigen skog.

Visjonen vår er : Vi vil – vi kan. Omsorg, meistring og glede

Verdiane våre skal vere styrande i kommunikasjon med barn, foreldre, kollegaer og andre

samarbeidspartar. Krokedalen skal vere ein god stad å vere for alle.

Krokedalen barnehage driv i tråd med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter, rammeplan for

barnehagar og eigne vedtekter. Barnehagen er medlem av PBL (private barnehagars landsforbund)

og har lønn og pensjonsordningar i tråd med sentrale avtalar. Dagleg leiar rapporterar til det valde

styret i barnehagen.

Ansvarsoppgåver

- Pedagogisk, administrativ og økonomisk leiing av barnehagen

- Vere personalleiar og følge opp den daglege drifta av barnehagen

- Rekruttere, rettleie og sikre god kompetanseutvikling blant dei tilsette

- Samarbeide og ha god dialog med tilsette, foreldre, styret og andre

instansar/samarbeidspartar

- Samarbeide med kommune og vere oppdatert på vedtak og pålegg relevant for barnehagen


Kvalifikasjonar

- Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad

- Styrarutdanning- og erfaring er ønskjeleg

- Erfaring med pedagogisk arbeid

- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner. Nynorsk vert nytta i skriftleg

kommunikasjon.

- God økonomisk og digital kompetanse

Personlege eigenskapar

- Tydeleg og nærverande leiar som er synleg tilstades i kvardagen i barnehagen

-Kan arbeide sjølvstendig og likar stort handlingsrom

- Lyttande, løysingsorientert og har evne til gjennomføring

- Trivst med varierte arbeidsdagar og nye utfordringar

- God barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i

barnehagen


Vi kan tilby:

Moglegheit til å vere med å vidareutvikle barnehagen

Moglegheit for vidareutdanning etter avtale

Eit godt og trygt fagmiljø

Godt arbeidsmiljø

Lønn etter avtale

Opplæring


Gyldig politiattest etter Barnehagelova § 30 må leverast før ein tek til i stillinga.

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande

arbeid og personlege eigenskapar.

Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Om du trur at du kan trivast og gjere ein god jobb som dagleg leiar i Krokedalen barnehage, vil vi

gjerne høyre frå deg. Søknad og CV sender du til: krokedalen@orstabarnehagen.no


Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med dagleg leiar Linda Engjaberg, tlf 97790657 eller styreleiar Ruth Eva Sollie tlf

98059751.

Søknadsfrist: 05.05. 2024.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Engesetvegen36, 6153 Ørsta
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Styrer
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Engjaberg
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
97 79 06 57
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
1 følger dette firmaet

Engesetvegen36, 6153 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 349149456
Sist endret 2. mai 2024 14:46

Rapporter annonse