Rådmann

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Rådmann
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Som ny administrativ leiar i heradet søkjer me ein erfaren, drivande, klok og samlande leiar med solid erfaring frå drift og utvikling av større, komplekse og politisk styrte organisasjonar. Du har eit strategisk perspektiv som leiar, har ambisjonar på vegner av fellesskapet og er motiverande og inkluderande i din måte å leia på.

Ønskt bakgrunn/erfaring

  • Solid økonomiforståing
  • Erfaring med prosessar innan utvikling/effektivisering/endring/omstilling med dokumenterte resultat
  • God kunnskap om digitalisering
  • Erfaring frå samarbeid med tilsette sine organisasjonar
  • God erfaring innan relasjonsbygging, erfaring som mediekontakt og arbeid i det offentlege rom
  • Gode resultat frå team/leiargruppeutvikling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Høgare relevant utdanning, helst på master-nivå

Leiarstil/personlege relasjonar

  • Tydeleg, trygg, robust og synleg som leiar
  • Analytisk og med eit strategisk perspektiv
  • Løysings- og handlingsorientert og sterk på gjennomføring
  • Engasjert og uformell. Kunna skapa motivasjon og engasjement rundt seg
  • Open og ærleg, og skaper forutsigbarheit og tryggleik
  • Lagbyggjar med gode samarbeidsevner, men òg kunne ta naudsynte avgjerder

For meir informasjon om stillinga, kontakt vår rådgjevar Per Inge Hjertaker i Headvisor, tlf. 91729682. Ordførar Tonje Såkvitne kan og verta kontakta på tlf. 95751635. Søknad sendast snarast og seinast 21.mai.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentleglova § 25 2.ledd kan opplysningar som søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.

Vossevangen er kommune- og regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.

I kommunen bur det om lag 16.000 innbyggjarar, og Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande. Meir om oss på www.voss.herad.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
UTTRÅGATA 9, 5700 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kommunedirektør, Ledelse, Økonomistyring, Digitalisering, Utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Inge Hjertaker
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
91 72 96 82
Kontaktperson
Tonje Såkvitne
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
95 75 16 35
Følg firma
2332 følger dette firmaet

UTTRÅGATA 9, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 349135768
Sist endret 18. apr. 2024 15:34

Rapporter annonse