Direktør for risikoovervaking og makrotilsyn

Arbeidsgiver
Finanstilsynet
Stillingstittel
Direktør for risikoovervaking og makrotilsyn (ref. nr. 2024/20)
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Finanstilsynet
Finanstilsynet søker direktør til nyoppretta avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn.

Makro- og bransjeanalysar er viktige grunnlag for tilsynsverksemda og for Finanstilsynets vurderingar og kommunikasjon knytt til mellom anna finansiell stabilitet, velfungerande marknader og tilsynsmessig oppfølging på ulike område. Vidare har avdelinga eit overordna ansvar for arbeidet med kvitvasking og terrorfinansiering, tilsyn med IKT-bruken i føretaka og dei brukarretta delane av betalingssystemet, og dessutan leiinga av Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI). Avdelingsdirektøren rapporterer til Finanstilsynsdirektøren, er medlem av Finanstilsynets leiargruppe og møter i Finanstilsynets styre. Vedkommande må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg.

Arbeidsoppgåver

Direktøren har det faglege og administrative ansvaret for leiinga av avdelinga. Viktige oppgåver er å planlegge og gjennomføre avdelinga sine aktivitetar på ein måte som bidrar til god måloppnåing, koordinere aktivitetar med andre avdelingar og bidra til å vidareutvikle den samla verksemda til Finanstilsynet. Avdelingsdirektøren må følge fagområda til avdelinga tett og sjølv ta aktivt del i behandlinga av viktige enkeltsaker. Stillinga inneber mykje kontakt med føretak under tilsyn, bransjeorganisasjonar og andre myndigheiter, både nasjonalt og internasjonalt. Avdelinga består av fire seksjonar med til saman om lag 50 medarbeidarar.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis økonom
  • god kjennskap til regulering av og tilsyn med finansnæringa
  • erfaring frå arbeid innanfor eit eller fleire av avdelinga sine ansvarsområde
  • god kjennskap til statsforvaltninga og norsk samfunnsliv
  • leiarerfaring frå relevant offentleg eller privat verksemd
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Følgande eigenskapar vil bli vektlagde:

  • gode samarbeidsevner og evne til å utvikle og motivere medarbeidarar
  • evne til å sjå moglegheiter, fornye og vidareutvikle arbeidsmetodar og tilsynsprosessar
  • stor arbeidskapasitet og leveringsevne
  • evne til sjølvstendig, nøyaktig og analytisk arbeid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • gode moglegheiter for eiga fagleg utvikling
  • gode velferdsordningar og ein fleksibel personalpolitikk
  • medlemskap og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida
  • tiltreding og lønn etter avtale

Anna

  • Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
  • Søkarar må legge ved vitnemål med karakterar og relevante attestar.
  • Søknaden kan skrivast på nynorsk eller bokmål.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
  • Tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå: https://www.finanstilsynet.no/jobbhos-oss/#Etiskeretningslinjer
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling, sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå: www.finanstilsynet.no

Om arbeidsgiveren


Finanstilsynet arbeider for at finansinsføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 340 tilsette og held til i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tar omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi
Arbeidsspråk
Norsk,
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Mathis Kongsrud
Stillingstittel
Finanstilsynsdirektør
Telefon
97 40 60 43
Kontaktperson
Anne Merethe Bellamy
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
90 87 84 49
Følg firma
729 følger dette firmaet

Revierstredet 3, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 348818239
Sist endret 16. apr. 2024 12:09

Rapporter annonse