Inaktiv

Kommunalsjef oppvekst og utdanning

Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast


Skjåk kommune søkjer kommunalsjef for tenesteområdet oppvekst og utdanning. Kommunalsjefen har ansvar for tenestene som pr. i dag gjeld skule, vaksenopplæring, barnehage, flyktningteneste, bibliotek, servicetorg og IT.

Oppgåver

  • Overordna fagleg ansvar for tenesteområdet
  • Sikre driftsbalanse og økonomisk handlingsrom innan området gjennom god økonomistyring og drift
  • Utvikling og implementering av strategiar for å sikre høg kvalitet på tenestene
  • Fremje og gjennomføre endringsprosessar som vil forbetre kommunen si tenesteleveranse
  • Strategisk leiing med fokus på samspel som bidreg til utvikling og innovasjon for å møte utfordringar i framtida
  • Følgje opp politiske vedtak
  • Leggje til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering
  • Ivareta regionalt samarbeid 
  • Byggje tillit, godt omdømme og sterk organisasjonskultur gjennom respekt og gode prosessar, inkludert tilrettelegging for partssamarbeid og involvering
  • Leggje til rette for og vere ein pådrivar for auka samarbeid på tvers av tenester

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitetsutdanning innan relevante fagområde
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
  • Kunnskap om dei ulike tenestene i oppvekst og utdanning
  • Meistre samspelet mellom politikk og administrasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God økonomiforståing

 

Personlege eigenskapar

  • Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
  • Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og overfor eksterne aktørar
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
  • Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
  • Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
  • Du arbeider strategisk

 

Skjåk kommune kan tilby

  • Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
  • Pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstidsordning

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø 918 17 696.

 Søknadsfrist 29. april 2024

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

 

Kommunedirektøren

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Bransje
Arkiv og bibliotek,
Barn, skole og undervisning,
IT
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ledelse, skoleledelse, lederutvikling, barnehage, skoleutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ivar Bø
Stillingstittel
Kommunedirektør
Mobil
91 81 76 96
Følg firma
3 følger dette firmaet

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Annonseinformasjon

FINN-kode 348184493
Sist endret 30. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse