Inaktiv

Avdelingsleiar 100 % vikariat

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Stillingstittel
Avdelingsleiar 100 % vikariat
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling, vi deltek i prosjektet HeimaBest og jobbar kontinuerlig med implementering av velferdsteknologi.

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2, har ledig 100% vikariat i stilling som avdelingsleiar frå snarast og 6 mnd fram. Kan bli aktuelt med forlening eller fast tilsetning. 

Avdelingsleiar skal, saman med leiarteamet, vera med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Leiarteamet drive kontinuerlig med internt innovasjons- og organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast. Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga.

Arbeidsstad
Heimetenester gruppe 2 Eikelandsosen 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å planleggje og koordinere den daglege drifta etter gjeldande lov, reglar og avtaleverk (turnusarbeid)
  • Ansvar for å fremma kommunen sine verdiar og målsetjingar
  • Økonomioppfølging og rapportering på eiga avdeling
  • Sikra dagleg drift innanfor gitt budsjett
  • Personalansvar
  • Samarbeid med andre i heimetenesta og pleie og omsorg, pårørande og øvrige samarbeidspartnarar
  • Sikre at det vert gitt tenester som er fagleg og etisk forsvarlege
  • Oppfølging av nærvær og HMS-arbeid
  • Bidra til å utvikle tenesta i ønska retning.

Arbeidstid vil vere på dag. 

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse- eller sosialfagleg bachelor utdanning, fortrinnsvis sjukepleiar/vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing, samt erfaring med endring, omstilling og forbetringsarbeid
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til og erfaring med aktuelt lov og avtaleverk
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå) Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Faglege og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi søkjer ein dyktig leiar som:

  • Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
  • Er tydeleg, fleksibel og engasjert
  • Er positiv til endring og omstilling
  • Skapar gode relasjonar internt og eksternt og har gode samarbeidsevner
  • Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Avdelingsleder, leder, Fusa, Hjemmetjeneste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Einingsleiar Anne Halhjem
Telefon
98 62 82 94
Følg firma
483 følger dette firmaet

Leitet 28, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348178151
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse