Vil du leie eit tradisjonsrikt folkemuseum som snart fyller 100?

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumsleiar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Museumsleiar

Med oss fer du rikare!

Vi søker no den som vil vere med på å forme framtida til og leie Sunnfjord Museum, eit tradisjonsrikt friluftsmuseum i idylliske Movika i Sunnfjord kommune. 

Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag. 

I Movika stiller vi ut kulturhistoriske bygningar for folk og fe. Vi viser fram små og store ting av det kvardagslege, høgtidelege, livsnødvendige og litt kuriose slaget. Her formidlar vi kunnskap om korleis vi brukte tinga, til kva, og kvifor. Og historier om levesett, livsstil og verdsbilete - og korleis dei har endra seg. I utstillingane våre kan vi våge å stille viktige spørsmål.

Flust av opplevingar å bli rikare av - både for besøkande og for våre tilsette. 

Nettopp her, på Sunnfjord Museum, treng vi ein ny museumsleiar som kan vere med på å forme framtida til og utvikle museet som ein kunnskapsbase og identitetsformar for nye generasjonar.

Er det deg vi leitar etter?


Om stillinga

Som museumsleiar for Sunnfjord Museum vil du blant anna:

  • vere fagleg og stadleg leiar for eit museum med eit dedikert lag av dyktige medarbeidarar
  • vere ansvarleg for museet sitt publikumstilbod
  • ha løpande kontakt med lokale/regionale styresmakter og samabeidspartar
  • ha økonomiansvar og drive plan- og budsjettarbeid
  • ha administrative oppgåver
  • ha delegert personaloppfølging for avdeling kulturhistorie sine tilsette på museet 

Vi ser etter deg som har:

  • utdanning innan kulturhistoriske fag, eller andre relevante fag innan humaniora på masternivå eller høgare
  • erfaring i leiarrolla, då ei svært viktig oppgåve vil vere å setje retning for museet og engasjerte medarbeidarar 
  • erfaring frå museumssektoren

Sunnfjord Museum betyr mykje for mange interessentar lokalt og regionalt. Samstundes ønskjer vi at museet skal bety endå meir for endå fleire. Viss du har samfunnsengasjement, likar å få ting til å skje og ser verdien av å bygge relasjonar både internt og med omverda, vil dette vere ein jobb du verkeleg kan utfolde deg i.

Folka våre brenn for kulturhistoria, der formidling og menneskemøte er ein viktig del av arbeidskvardagen. Om du kjenner deg heime i ein slik modus, vil du kjenne deg heime hjå oss.


Moglegheiter og utfordringar for vår nye museumsleiar

Sunnfjord Museum har etablerte publikumstilbod med god oppslutnad. Samstundes gjer lokaliseringa utanfor Førde, med sitt pulserande kulturliv, at vi må jobbe litt ekstra for å vere synlege og lokke publikum til oss. Moglegheitene for å etablere gode samarbeid med andre kulturaktørar er både gode og mange. Det kan vere ei krevjande oppgåve, men handlingsrommet for vidare utvikling er stort. Her får du setje spor.

Av viktige oppgåver framover er vi i gang med førebu museet sitt 100-årsjubileum i 2026 - med oppgradering av utstillingsrommet, og opning av miljøutstillingar i fleire kulturhistoriske bygningar i friluftsmuseet. Vi skal også flytte samlingsobjekt til vårt nye fellesmagasin, Tinghuset. Og vi skal stake ut kursen og satsingane for museet i åra som kjem. Som museumsleiar spelar du ei svært viktig rolle i dette arbeidet.

Kunnskapsutvikling og forsking er ei kjerneoppgåve for musea. Som museumsleiar får du mogelegheita til å delta i dette arbeidet, men erfaringa viser at det kan vere i mindre omfang enn mange ønskjer. I drifta av eit museum er det mykje som hastar meir. Her ligg ei av utfordringane - det er høge forventningar til museumsleiar om å vere involvert i mykje. Dei som er gode på sjølvleiing, struktur og prioritering vil meistre stillinga best.   


Kvifor skal du søke på stillinga? 

Likar du å få ting til å skje, har hjarte for kulturhistorie og formidling, og engasjement for musea som samfunnsaktør? Då kan denne jobben vere mogelegheita du ikkje kan la gå frå deg. Vi er spente på å høyre frå deg!

Hjå oss får du utvikle kunnskapen og evnene dine som både leiar og kulturhistorisk fagperson. Du får eit fagleg nettverk, og du blir del av eit engasjert og dedikert kollegium med 20 tilsette i avdeling kulturhistorie, samt eit kollegium med 6 tilsette på Sunnfjord museum. 

Vi lovar innhaldsrike arbeidskvardagar der du vil møte mange menneske, utfordringar og mogelegheiter til å skape noko nytt. Vi håpar å kunne gjere deg rikare.


Om arbeidsgiveren

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Jølstravegen 107, 6819 Førde
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve S. Bjørset
Stillingstittel
Avdelingsdirektør kulturhistorie
Telefon
90 85 23 34
Følg firma
67 følger dette firmaet

Jølstravegen 107, 6819 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 348047591
Sist endret 11. apr. 2024 13:14

Rapporter annonse