Vil du vere med og løfte nordfjordkommunane sitt digitale tenestetilbod?

Arbeidsgiver
Nordfjordnett
Stillingstittel
CTO
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig fast stilling (100%) som CTO i IKT Nordfjord, eining Nordfjordnett, med tilsetjing så snart som mogleg.

Som CTO skal du ha god oversikt over den operative drifta hos Nordfjordnett, i dette arbeidet jobbar du tett med Teamleder for Infrastruktur og Teamleder for Server og Appliksjon samt brukarstøtte.

Du kan finne vår tenestekatalog på vår heimeside www.nordfjordnett.no.

Kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn samarbeider om utvikling og drift av digitale tenester. Samarbeidet omfattar driftseininga Nordfjordnett som er lokalisert i Måløy og Strategisk eining som er lokalisert på Nordfjordeid. Samarbeidet er organisert som eit oppgåvefellesskap med eige styre og representantskap.

IKT Nordfjord skal legge til rette for digitalisering i samarbeidskommunane- saman med kommunane. IKT Nordfjord sitt overordna mål er å tilby eit heilskapleg digitalt tilbod til brukarar, tilsette og innbyggarar gjennom tenleg bruk av tidsrette løysingar og verktøy.

Det er eit tett samarbeid mellom dei to einingane for å sikre heilskaplege og trygge tenester på alle nivå innan digitalisering og utvikling. IKT Nordfjord som tenesteytar skal vere oppdatert på felleskomponentane og leverandørmarknaden og er kommunane sin rådgjevar innanfor digitalisering og informasjonstryggleik. IKT Nordfjord er kontraktspart, driv porteføljestyring og er budsjettansvarlege for fagsystem og applikasjonar i samarbeidet.

Vi ser etter deg som evner å se det store bildet, er analytisk, selvgående og handlingsorientert. Du har en inngående teknisk forståelse og evner å formidle avanserte konsepter og ideer.

Stillinga er lokalisert i Måløy saman med driftseininga. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret. Alternativ arbeidsplass kan avtalast ved nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver
  • Fakturabehandling, budsjettarbeid med meir
  • Prosjektleiing, prosjektdeltaking og generell prosjektstøtte/-rådgjeving
  • Leverandøroppfølging- avtaleforvalting og oppfølging av leveransar
  • Vere oppdatert på dagens og framtidas løysingar og teknologitrendar
  • Delegerte oppgåver etter nærare avtale med dagleg leiar
  • Definere, utvikle og implementere selskapets tekniske strategiplan sammen med ledergruppen
  • Være med å utarbeide, forankre og implementere interne systemarkitektur
Kvalifikasjonar
  • Du har relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Du har god digital forståing og forståing for samanhengen mellom teknologi, organisasjon og menneske
  • Du har god organisasjons- og systemforståing
  • Du har erfaring med strategisk arbeid og prosjektarbeid
  • Du har god muntlig og skriftleg formidlingsevne
  • Du har god erfaring knytt til dialog og oppfølging av leverandørar
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape tillit, skape relasjonar og få til samarbeid
  • Strukturert og målretta i arbeidet
  • Resultatorientert og tolmodig
  • Initiativrik, sjølvstendig og motiverande
  • God konseptuell forståelse
Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Intern opplæring og fagøkter
  • Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

Om arbeidsgiveren

Nordfjordnett er driftseininga i det interkommunale IKT-samarbeidet IKT Nordfjord mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Nordfjordnett leverer IKT-tenester til desse fem kommunane gjennom driftssenteret i Måløy. Ved å samle tenestene på ein stad, oppnår kommunane både stordriftsfordelar og meir effektiv drift av IKT-løysingar. Nordfjordnett har eit godt fagmiljø med 18 ingeniører og fagarbeidere innan IKT-faget.

Hovudmålsettinga til Nordfjordnett er å levere gode og effektive IKT-løysingar slik at kommunane kan yte gode tenester til innbyggarane og næringsliv. Gode IKT-løysingar er viktig for å utvikle barnehagar, skular, helsetenester (velferdsteknologi) og direkte dialog med innbyggarane. Nordfjordnett er ein komplett IKT-leverandør med eige moderne datasenter for drift av kommunane sin infrastruktur og fagsystem. Vi jobbar tett opp mot kommunane og tilbyr også rådgiving, prosjektstøtte og brukarstøtte.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Myrane 14, 6718 Deknepollen
Bransje
IT,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosjektleiing, budsjettarbeid, teknisk forståelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Eikeberg
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
95 09 11 88
Følg firma
26 følger dette firmaet

Myrane 14, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348044831
Sist endret 11. apr. 2024 13:19

Rapporter annonse