Vi søkjer ein utviklingsorientert og framtidsretta leiar.

Arbeidsgiver
Hjartdal kommune Sentraladministrasjonen
Stillingstittel
Organisasjonssjef
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast


Som kommunalsjef for dette området i Hjartdal kommune vil du inngå i kommunedirektøren si leiargruppe. Du vil bli ein viktig bidragsytar for strategisk utvikling av Hjartdal kommune som organisasjon generelt og stab spesielt.

Hjartdal-politikaren er kreativ og ambisiøs, og byr opp til spennande prosjekt og arbeidsoppgåver.

Som ansvarleg for personal- og organisasjonsutvikling på kommunenivå og dagleg drift av sentral stab -servicetorg, arkiv og politisk sekretariat har du eit breidt fagfelt som gjer moglegheiter.

Du vil vere sentral for kommunedirektøren i arbeidsmiljøutval, partssammansatt utval og i lønsforhandlingar.

Appellerer dette til deg? Da kan du vere med på laget og bli vår nye kommunalsjef.

Kommunalsjefområde består av følgjande tenesteområde:

Strategisk organisasjonsutvikling på kommunenivå
Praktisk bistand og støtte ut i heile organisasjonen
Personalforvaltning og personaljuss
Ansvar for dagleg drift av sentral stab med tilhøyrande oppgåver innafor: arkiv, service og politisk sekretariat
Sakshandsaming innafor områda
Rekruttering og on-boarding tilsette
Ansvar for heimeside og kommunikasjon
Systemansvarleg på sentrale system på kommunenivå
Utarbeide og oppdatere reglement og rutiner innan fagfeltet

Kvalifikasjonar:

Utdanning på bachelornivå innan HR, personalforvaltning, leiing eller anna relevante område
Anna relevant utdanning, kombinert med særskilt relevant erfaring kan vurderast
Formell leiarkompetanse, relevant leiarerfaring og erfaring frå kommunal sektor er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Ønskeleg med kunnskap og erfaring frå arbeidsområdet

Vi ser etter deg som:

stortrivst i samspelet med politikarar, tillitsvalde, innbyggjarar og eksterne aktørar
er proaktiv, diplomatisk og skaper tillit gjennom openheit og dialog
er trygg, tydeleg og robust og har god rolleforståing og respekt for dei kommunale rammevilkåra
er opptatt av digital tenesteutvikling og effektivitet
er samfunnsorientert, kreativ og evner til å tenke heilskap i kommunen
har gode leiareigenskapar og relasjonelle ferdigheiter
har evne til å jobbe både praktisk og strategisk
likar å ha "mange ballar i lufta", og samtidig gjennomføringskraft
god munnleg og skrifteleg framstillingsevne

Vi tilbyr:

Eit hektisk og triveleg arbeidsmiljø prega av tverrfaglegheit og gode diskusjonar. Vi setter raskt saman dei rette folka for å løyse ei utfordring, og spelar kvarandre gode
Hjartdal er ein organisasjon som er prega av godt samarbeid mellom politikk og administrasjon. Korte linjer alle vegar gir stort handlingsrom og moglegheit for å påverke og skape unike resultat
Ei spennande kommunalsjefstilling i eit fleirfagleg leiarteam tett på kommunedirektør med gode moglegheiter for personleg utvikling og skape resultat saman med andre
Leiarutvikling der vi saman definerer kva som skal prege leiarskapet i Hjartdal kommune no og i framtida
Hjartdal er medlem i Kongsbergregionen, eit samarbeid som ligg langt framme med omsyn til tenesteutvikling og nettverkssamarbeid
Gode bank- forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter avtale

Søknad sendast via elektronisk søknadsskjema. 

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

Attestar og vitnemål takast med ved et eventuelt intervju. Kommunen er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi jobbar saman for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Det vil bli lagt avgjerande vekt på at du er personleg egna for stillinga.

Søkjarlister med opplysningar om namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar er offentleg med omsyn til offentleglova. Det kan gjerast unnatak dersom søkjar ber om dette og grunngjer dette i søknaden. Dersom det ikkje blir innvilga, vil søkjaren bli orientert.

Er du annonør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikke å bli kontakta.

 

Om arbeidsgiveren

Velkommen til Hjartdal det nære alternativet.Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er turistbygda med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Saulandsvegen 414, 3692 Sauland
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

organisasjonssjef, personalsjef, kommunalsjef, HR-sjef

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Slaaen
Telefon
40 87 10 29
Følg firma
2 følger dette firmaet

Saulandsvegen 414, 3692 Sauland

Annonseinformasjon

FINN-kode 347919840
Sist endret 10. apr. 2024 17:13

Rapporter annonse