Inaktiv

Leiar – dagtilbod for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Leiar
Frist
24.04.2024
Ansettelsesform
Fast

I enhet for funksjonshemma har me ledig 100 % stilling som leiar i Aktiviteten. Dette er eit dagtilbod for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar. I tillegg vert det gitt andre tenester til innbyggjarar med funksjonsnedsettingar som bur heime. Leiing og oppfylging av BPA, privat avlastning og andre tenester vil bli lagd til stillinga.

Enhet for funksjonshemma er ei verksemd med 6 bufellesskap med heildøgns omsorg, kommunale bustader med tenester, tenester til heimebuande innbyggjarar med funksjonsnedsettingar, avlastningsbustad og dagsenter. 

I åra framover vil me utvikla og endra fleire av våre tenester. I kvalitetsplan omsorg står det mellom anna at me skal verta ein HeltMed – kommune. Dagtidbodet vårt skal også vidareutviklast. Du vil vera sentral i utforminga av tenestene og leiinga av dette arbeidet.

Me ynskjer oss ein leiar som liker å ha mange ballar i lufta, ser heilskapleg på tenestetilbodet og som kan nytta ressursane på ein god måte. Du må lika omstilling og endring, då det vil prega jobbkvardagen i åra framover.


Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan helse og/ eller sosialfag.
  • Relevant erfaring.
  • Vidareutdanning i leiarfag eller andre relevante vidareutdanningar.
  • God kjennskap til tenester til heimebuande innbyggjarar med funksjonsnedsetting.
  • God kjennskap til lovverk.
  • God kjennskap til, og erfaring med, kartlegging og saksbehandling.
  • Gode IKT – kunnskapar.
  • God skriftleg framstillingsevne. 
  • God kjennskap til aktivitetstilbod, BPA og avlastningstenester.


Arbeidsoppgåver

  • Leia tenesteområdet.
  • Vidareutvikla tenesta og vera aktiv i utviklingsprosessar.
  • Dagleg drift av tenestene - personal-, fag- og økonomiansvar.
  • Delta i leiargruppa for verksemda og i fagteam.


Personlege eigenskapar

  • Genuin interesse for målgruppa.
  • Trygg, pragmatisk og tydeleg som leiar.
  • Relasjonsbyggar og god på samarbeid.
  • Sjølvstendig som leiar.
  • Evner å sjå heilskapleg på leiaroppgåva.
  • Innovativ – ser løysingar når rammene vert stramare.
  • Gode kommunikasjonsevner i møte med brukarar, pårørande, tilsette og andre samarbeidspartar.
  • Inspirerande og motiverande.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagde i stor grad ved tilsetting.


Me tilbyr

  • ei samansett leiarstilling
  • ei stilling der du får vera med å utforma nye tenester og utvikla eksisterande tenester
  • ei utfordrande og spanande leiarstilling 


Attestar og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjent (Våre tenester (hkdir.no) og utenlandske attester oversatt til et skandinavisk språk eller engelsk.


Politiattest

Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.


Tilsetjingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.


Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har ca.19 800 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse

Nøkkelord

ledelse, videreutvikling, relasjonsbygger, drifte

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Skjold Økland
Stillingstittel
Virksomhetsleder
Mobil
99 39 86 45
Følg firma
203 følger dette firmaet

4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 347901940
Sist endret 25. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse