Inaktiv

Museumsgartner ved Svinviks arboret

Arbeidsgiver
NORDMØRSMUSEA AS
Stillingstittel
Gartner
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NORDMØRSMUSEA AS

No er vi på leting etter deg som ønsker å vere med og bygge framtidas regionsmuseum saman med oss. Vi søkjer museumsgartner i 100 % stilling med særskild ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret og fagansvar for levande samling i Nordmørsmusea.

Du vil få ansvar for

  • å administrere, utvikle, koordinere og følge opp den daglege drifta og den levande samlinga ved Svinviks arboret i tråd med museet sitt planverk og samfunnsoppdrag.
  • å følge opp og bidra til utvikling av den øvrige levande samlinga i Nordmørsmusea.
  • å bidra til den museumsfaglege utviklinga av Nordmørsmusea.

Dette er ei sjølvstendig stilling med stort rom for utvikling og nyskaping. Stillinga vil inngå i fleire faggrupper regionalt og lokalt.

Du får også

  • spanande arbeidsoppgåver i eit godt og interessant arbeidsmiljø.
  • engasjerte og kunnskapsrike kollegaer lokalt og i heile regionen.
  • god pensjonsordning (KLP).
  • løn etter tariff.

Du må

  • ha relevant plantefagleg utdanning.
  • ha erfaring frå liknande og relevant arbeid.
  • like å jobbe både praktisk og administrativt.
  • evne å planlegge, leie og ferdigstille arbeid og prosjekt.
  • snakke og skrive flytande norsk og engelsk.
  • ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.

Du bør dessutan vere glad i levande vesen og kommunisere godt med både kollegaer, frivillige, publikum og andre. Vi kjem til å vektlegge om kandidaten er personleg eigna til stillinga. Oppstart etter avtale, seinast hausten 2024.

Kontaktperson for stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du treff ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller på telefon +47 97 65 42 94. Send søknad med CV til samme adresse eller ta kontakt om du lurer på om dette er noko for deg.

Søknadsfrist: 1. mai 2024.

Om arbeidsgiveren

Nordmørsmusea (NMAS) er regionmuseum for den nordmørske kulturarven, med hovedkontor i Kristiansund og lokalmuseer i åtte kommuner.

Sektor
Privat
Sted
Todalsvegen 785, 6640 Kvanne
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Jordbruk og skogbruk,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Agronom,
Prosjektledelse,
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

forskning, forvaltning, levende samling, museum, arboret

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eigunn Stav Sætre
Stillingstittel
Museumsdirektør
Mobil
97 65 42 94
Følg firma
8 følger dette firmaet

Todalsvegen 785, 6640 Kvanne

Annonseinformasjon

FINN-kode 347731528
Sist endret 2. mai 2024 00:04

Rapporter annonse