Rektor Langhaugen vidaregåande skule

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune*
Stillingstittel
Rektor Langhaugen vidaregåande skule
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule sentralt i Bergen?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Langhaugen vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Langhaugen vgs har omlag 630 elevar og 80 tilsette og tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram og programfaga musikk og dans innan utdanningsprogram for musikk, dans og drama. Fagtilbodet ved skulen set eit tydeleg preg på aktivitetane ved skulen både i og utanfor skuletida. Her finn du høg trivsel, glede og kreativ spontanitet i kombinasjon med det seriøse. Skulen har som mål å vera ein føregangsskule på berekraft, kultur og kreativitet og ønskjer å skape eit vekstmiljø for fagleg kunnskap og utøvande kunst.

Våren 2024 vert spaden sett i jorda for nytt skulebygg og ei omfattande rehabilitering og oppgradering av eksisterande skulebygg og uteområde. Når dette arbeidet er ferdig, vil skulen ha nye klasserom og spesialrom, ny gymsal, nye dansesalar, konsertsal og øvingsrom til musikk. Oppgraderinga vil auke kapasiteten til 3 nye klassar innan musikk og eit planlagt elevtal på 720.

Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.


Arbeidsoppgåver

  • utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
  • sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • leie strategi- og utviklingsprosessar
  • leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
  • personalleiing
  • ivareta medverknad mot næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
  • økonomistyring

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.

Det er ønskjeleg at du:

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
  • har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggast.

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:

  • open, nytenkjande og tillitsskapande
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
  • har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
  • har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande

Vi tilbyr

  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse.

Andre opplysningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2024.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Hagerups vei 17, 5093 Bergen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Rektor, Videregående opplæring, Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Bjarne Berdal
Stillingstittel
Områdeleiar
Telefon
99 23 39 75
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Hagerups vei 17, 5093 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 347073875
Sist endret 5. apr. 2024 11:08

Rapporter annonse