Inaktiv

Me søkjer etter ein økonom som har lyst å vere med oss inn i framtida

Arbeidsgiver
Årdal kommune
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

- og tilbyr difor rett person 100% fast stilling som økonomisjef i kommunen. Heimekontor kan benyttes.

Stillinga er sentral og viktig i kommunen si administrative toppleiing og er ein del av kommunedirektøren sitt leiarteam. Stillinga har overordna ansvar for kommunen sin økonomifunksjon som budsjett, rekneskap, finans, innkjøp, økonomi og handlingsplan og rapportering. Til stillinga ligg det òg personalansvar for tilsette innanfor økonomi og løn.

Hovudoppgåver

  • Leie økonomistyringa og rapporteringa i kommunen
  • Ansvarleg for budsjettarbeidet
  • Økonomisaker til politisk handsaming
  • Følgje opp politiske vedtak og prioriteringar
  • Ansvarleg for kommunen sin eigedomsskatt
  • Ansvarleg for kommunen sin finansforvaltning og eigarstyring
  • Følgje opp innkjøp
  • Følgje opp kommunen sine forsikringsavtalar
  • Delta aktivt i strategisk utviklingsarbeid i kommunen

Me søkjer ein person med

  • høgare økonomiutdanning, lang erfaring med økonomiarbeid kan til ein viss grad kompensere for utdanning
  • leiarutdanning og/eller leiarerfaring
  • god IKT forståing
  • god evne til å samarbeida, engasjera, tenker strategisk, er løysing- og resultatorientert
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter

Årdal kommune tilbyr

  • ei spennande leiarstilling
  • deltaking i kommunen sitt utviklingsarbeid
  • jobb i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • hjelp til å skaffe passande bustad
  • tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen
  • moglegheit for heimekontorløysing etter avtale

For ytterligare informasjon kontakt gjerne våre rådgjevare hos Headvisor, Per Jorem tlf. 400 21 560.

Alle henvendelser til Heavisor vert behandla konfidensielt inntil annet er avtala.

Om arbeidsgiveren

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, finn du teknologibygdi og nasjonalparkkommunen Årdal.

Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det seks barnehagar, to skular og ein vidaregåande skule.

På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.

Me har gode stipendordningar til etter- og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Velkomen til oss i Årdal!


2.gangs utlysning

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
STATSRÅD EVENSENS VEG 4, 6885 Årdalstangen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Økonomisjef, Økonomistyring, Rapportering, Finansforvaltning, Eigarstyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Jorem
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
40 02 15 60
Følg firma
2334 følger dette firmaet

STATSRÅD EVENSENS VEG 4, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 346932578
Sist endret 1. mai 2024 00:11

Rapporter annonse