Utløpt

Er du vår nye funksjonsleiar?

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Vi søkjer fagleg sterk og engasjert leiar til vår avdeling, er du den vi er på jakt etter?

Vår hovudoppgåve er å ta imot akutt psykisk sjuke menneske med eit breitt spekter av problemstillingar.Vi skal sørgje for at dei som treng akutt bistand får god og forsvarlig hjelp og behandling. Som funksjonsleiar vil du har ei nøkkelrolle i å leggja til rette for å nå denne målsettinga.

Det vil bli lagt til rette for at du får personleg utvikling i leiarrolla.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Funksjonsleiar har det overordna drift- og sjukepleiefaglege ansvaret på posten, som omfattar:


    - Ansvar for at dagleg drift er i samsvar med gjeldande lovar, forskriftar, avtalar og vedtak fatta av overordna.
    - Fagleg oppbygging og vidareutvikling av utrednings- og behandlingstilbod for hovudmålgruppane til avdelinga - i samarbeid med behandlar- og personalgruppa.
    - Sørgje for at døgnavdelinga fyljer nasjonale retningslinjar, veiledere og prosedyrar i pasientbehandling.
    - Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid, samt implementering av prosedyrar.
    - Bistå i handsaming av klagesakar ved behov.
    - Delta i strategiarbeid og utviklingstiltak.
    - Funksjonsleiar vil vera sentral i arbeid med utvikling av kommunikasjon og samarbeid med einingar internt i føretaket og med kommunane i opptaksområdet for å sikre gode pasientforløp.

    Funksjonsleiar har personal- og økonomiansvar, som omfattar:

    - Ansvarleg for systematisk HMS-arbeid - i samarbeid med rådgivar kvalitet og internkontroll, tillitsvalde, verneombod og avdelingsleiar.

    - Ansvar for å fylja opp og involvera medarbeidarar.
    - Inspirera, motivera og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
    - Vera tydeleg på forventningar og ansvarleg for at eininga sitt personell vert disponert effektivt.
    - Samarbeide med andre learar for å sikra god utnytting av samla personalresursar.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning på minimum høgskulenivå, fortrinnsvis sjukepleie/vernepleie, med vidareutdanning i psykisk helse.
  • Leiarerfaring og/eller formell leiarutdanning.
  • Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
  • Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • liker å jobbe med varierte arbeidsoppgåver.
  • har evne til å stå i krevjande situasjonar, og fatta beslutningar når naudsynt.
  • balanserer behov for struktur og planleggjing, og samtidig ivareta rom for fleksibilitet i prosessar for å ivareta god handtering av uforutsette situasjonar.
  • har gode samarbeidsevner, er tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
  • er innstilt på å fremje teamarbeid, tverrfagleg samarbeid og arbeide aktivt med utvikling av avdelingas kultur.
  • har evne til å setja deg inn i og jobba etter avdelingas rutiner og praksis, og ha føresetnadar til å forstå og bidra til å innrette praksis etter gjeldende lovverk og forskrift.

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å leia ein svært spanande arbeidsplass, med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
  • Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
  • Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern.
  • Det vert lagt til rette for deltaking i internt leiarprogram, og utvikling i rolla.
  • Løn etter avtale.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Funksjonsleder, Leder, Sykepleie, Haugesund, Sjukepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Håvard Wester Breistein
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
93 24 18 77
Følg firma
162 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 346816204
Sist endret 15. mai 2024 15:00

Rapporter annonse