Utløpt

Kommunedirektør

Arbeidsgiver
HÅ KOMMUNE
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Er du vår nye kommunedirektør?
Hå kommune er ein veldriven og framtidsretta kommune på Jæren. Samfunnsoppdraget vårt er å samskapa gode tenester saman med nesten 20.000 innbyggarar. Visjonen Me løfter i lag og handlingsverdiane open – driftig – stolt er styrande for heile organisasjonen og måten våre 1700 tilsette arbeider på. No søker vi etter ein ny kommunedirektør som fastsetter retning, fremjer samhald og fellesskap, og held stø kurs.

Er du den toppleiaren vi leiter etter?
 

Leiarskapet ditt er prega av desse fem nøkkelkompetansane:

Du fattar avgjerder og set i verk handling.
Du gir tydeleg retning, avgjer saker i samarbeid med leiargruppa, og sikrar forståing for prioriteringar i heile organisasjonen. Du anerkjenner og myndiggjer leiarar og tilsette. Du er medviten resultat og blir motivert av eit høgt aktivitetsnivå.

Du jobbar saman med andre.
Du er både varm og tydeleg, og forstår tydinga av tillit og det å høyre til. Du byggjer gode team og skapar eit godt samarbeidsklima. Du er ein synleg, trygg og tilgjengeleg leiar som utviser god rolleforståing i møte med tilsette, folkevalde, tillitsvalde, innbyggarar og næringsliv. Du nyttar deg av andre sin kompetanse og erfaringa til folka rundt deg. Du har god oversikt over og kjennskap til kommunen og den jærske kulturen som kjenneteiknar regionen.

Du kommuniserer og presenterer informasjon.
Du er proaktiv og flink til å kommunisere. Du får folk med deg gjennom å involvere, forankre avgjerder og bygge eigarskap. Du sørger for god samhandling, og legg vekt på å vera open og skapa tillit mellom administrasjon og folkevalde. Du oppsøker nettverk og bruker tid på å bygge relasjonar.

Du leier og fører tilsyn.
Du har god oversikt, arbeider strukturert og planmessig, og har stor gjennomføringskraft. Du respekterer og gjennomfører politiske vedtak, og sikrar framdrift i prosessar. Du utviser økonomisk forståing og ansvarlegheit. Du er open for nye løysingar og perspektiv, og bygger ein lærande organisasjon som skaper og tenker nytt.

Du handterer press og motgang
Du har stor kapasitet, er robust og meistringsorientert. Du er verdiforankra og utviser høg grad av eigenkontroll og integritet. Du fattar avgjerder basert på tilgjengeleg og relevant informasjon, og erkjenner kor langt din eigen kompetanse og kunnskap strekk til. Du gir retning og kvalifiserte råd i møte med interessemotsetningar. Du arbeider systematisk med forankring og for vedtekne målsettingar.


Verktøykassa di inneheld mellom anna

• Relevant akademisk utdanning
• God økonomiforståing og kjennskap til kommunesektoren
• Erfaring frå toppleiing i større og komplekse organisasjonar
• Svært gode kommunikative og relasjonelle ferdigheiter
• Ein verdibase som underbygger kommunens visjon og verdiar


SØKEPROSESSEN

 I utlysingsperioden samarbeider Hå kommune med Assessit AS. Spørsmål om stillinga kan rettast til partner og regionsleiar Linda Bore (412 39 398) eller seniorkonsulent Margunn Solheim Gjelsvik (996 41 266). Du kan òg ta direkte kontakt med ordførar Andreas Bjorland (928 90 333).

Søknad på stillinga skjer via Assessit AS sitt system Recman. Alle henvendingar til Assessit AS blir behandla konfidensielt, om ønskeleg òg overfor oppdragsgivar i ein innleiande fase. Søkarar som etter søknadsfristen vil bli unntatt offentlegheit må grunngi dette særskilt. Grunngivinga vil bli vurdert i forhold til bestemmelsane i offentleglova § 25 og Hå kommune sine etiske retningslinjer.

Etter søknadsfristen samarbeider Hå kommune med Bjørnson AS, og vil gjennomføre intervju og sluttvurdering saman med desse. Du kjem óg til å møte tilsettingsutvalet med folke- og tillitsvalde.

SØKNADSFRIST: 18. APRIL 2024

________________________________________________________________

Hå kommune ligg i Rogaland fylke, ca. 40 kilometer sør for Stavanger. I dag har kommunen om lag 20 000 innbyggarar. Hå kommune er 258 km² i areal.

Hå er den største husdyrkommunen i Noreg. Omlag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. Hovudvekta i jordbruket ligg på husdyrbruk med grasdyrking. Næringsmiddelindustrien og den mekaniske industrien er dei dominerande industrinæringane. Hå kommune er den største arbeidsplassen i lokalsamfunnet.

Hovudkommunikasjonsårene nord-sør er Fv 44 og jernbanen. Tettstadane har vakse fram kring dei 6 jernbanestasjonane Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Ogna og Sirevåg. Rådhuset med kommuneadministrasjonen er på Varhaug.


Foto: Hå kommune, Anne Lise Norheim og Tord F. Paulsen
 

 
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Ledelse, Kommuneøkonomi

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Bore
Stillingstittel
Partner - Regionleder Vestlandet
Telefon
41 23 93 98
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Margunn Gjelsvik
Stillingstittel
Senior Manager
Telefon
99 64 12 66
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2049 følger dette firmaet

Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 344957475
Sist endret 20. mar. 2024 15:58

Rapporter annonse