Inaktiv

Jobb i Suldal kommune? Me treng deg!

Arbeidsgiver
Suldal kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Suldal heimeteneste
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig 100% fast stilling som leiar for eininga Suldal heimetenester. Oppstart 01.09.2024 med mogleg for overlapping med nåverande leiar dei 2 siste vekene i august.

Vil du ha ein kjekk, spennande og utfordrande jobb i Suldal, så søkjer me deg til stillinga som einingsleiar i Suldal heimetenester.

Suldal heimetenester har utvikla seg dei siste åra til å bli den største eininga innan omsorg. Eininga driftar heimesjukepleie, psykisk helse med tildelingskontor og Vinjarheim bufellesskap. Vinjarheim er under prosjektering til eit nytt, framtidsretta bygg. Det er eigne avdelingsleiarar på alle tre områda.

Me kan lova deg ei stilling der du vil ha stor friheit til å utvikla område med gode kollegaer som er med på laget ditt, og du blir ein del av ei flott leiargruppe i Helse og Velferd som gladleg bidrar til at du får ein flott oppstart i stillinga.

SØK DA VEL..

Arbeidsoppgåver

Leie eining Suldal heimetenester i tråd med Suldal kommune sine målsetjingar

Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar

Ansvar for omdømebygging, informasjon og kommunikasjon

Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar for eininga

Har fokus på rekruttering, kompetanseheving og bruk av ulike arbeidstidsordningar

Du må jobbe tett med andre leiarar og fagpersonar.

Kvalifikasjonar, du må ha:

Høgare helsefagleg utdanning, gjerne med vidareutdanning i faget.

God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk.

God rolle-, system- og organisasjonsforståing

Det er ønskeleg med leiarerfaring

Kunnskap og interesse for digitalisering som utvikling og effektivisering av arbeidsprosessar

Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar, me søkjer deg som:

Har gode samarbeidsevner

Har gode analytiske evner

Er trygg og tydeleg i leiarrolla

Er utviklingsorientert og har evne til å tenke heilskapleg på tenestene innan omsorg

Me tilbyr

Varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver

Moglegheit til å bidra i utviklinga av Suldal kommune

Eit kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø

Andre opplysningar:

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


 

Om arbeidsgiveren

Suldal kommune Overordna helse og velferd
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grethe Anglevik
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
97 97 16 00
Følg firma
11 følger dette firmaet

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Annonseinformasjon

FINN-kode 344907122
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse