Inaktiv

Avdelingsleiar teknisk drift - 100 % vikariat

Arbeidsgiver
FYRESDAL KOMMUNE
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Sektor plan og teknikk søker avdelingsleiar med arbeidsområde innan teknisk drift. Stillinga er eit vikariat i 100 % stilling frå 01.06.2024 til 01.06.2025. 

Arbeidsoppgåver: 

Fag: 

  • Ansvarleg for kommunale tenester lagt til avdelinga 
  • Kompetanseutvikling og opplæring av tilsette 
  • Omstillings- og utviklingsarbeid i avdelinga 
  • Samhandling på tvers av avdelingar 
  • Dagleg drift av avdelinga 
  • Politisk sakshandsaming innanfor sektor og avdeling 
  • Rapportering 
  • Kvalitetssystem og internkontroll i avdelinga 

Personal: 

  • Personalansvar for tilsette i sektoren 
  • Ansvar for å handtere saker på HR-område innanfor avdelinga 

Økonomi: 

  • Økonomisk ansvar for drift innanfor dei rammer som er tildela avdelinga 
  • Rapportering etter gjeldande prinsipp 

Arbeidsoppgåver og stillingsnemning kan bli endra. 

Vi ynskjer ein person som: 

  • Har kjennskap til og forståing for bruk av dataverktøy.  
  • Har gode samarbeidseigenskapar. 
  • Er opptatt av samspel mellom administrasjon og fag. 
  • Evnar å fange opp det som rører seg internt og eksternt, og som handlar deretter. 
  • Er inkluderande, initiativrik og utviklingsorientert. 
  • Har evne til å planlegge arbeidsoppgåver. 
  • Kan inspirere og leie folk i arbeid. 

Personlege eigenskapar blir spesielt lagt vekt på ved tilsetting. 

Tilsettingsvilkår: 

  • Den som blir tilsett må vere villig til å delta på eventuelle kurs og opplæringsprogram. 
  • Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B. 

For stillinga gjeld: 

  • Løn etter avtale, avhengig av utdanning og praksis. 
  • Den tilsette blir medlem i pensjonsordning i KLP med 2 % innskot. 
  • Tilsetting skjer elles i samsvar med gjeldande lovar, avtaler og reglement. 

Kontaktpersonar ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til kommunalsjef plan og teknikk, Halvor Homme, på 90 77 75 75 eller halvor.homme@fyresdal.kommune.no.  

Søknadsfrist: 

Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024 .

Velkomen som søkar! 

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp. 

NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller E-dialog.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Halvor Homme
Stillingstittel
Kommunalsjef plan og teknikk
Mobil
90 77 75 75
Følg firma
10 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 344790790
Sist endret 9. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse