Inaktiv

PPT i Sunnfjord søker etter

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar/PP-rådgivar
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

PPT søker Assisterande einingsleiar PPT/PP-rådgivar

PPT i Sunnfjord kommune samarbeider tett med skular og barnehagar. Vi legg vekt på god brukardialog, fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid.

Vi har kontor på rådhuset i Førde og har 20 tilsette frå 30-64 år med ulike utdanningar.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) sitt arbeid er heimla i barnehage- og opplæringslova. Vi arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i barnehage og skule for å legge betre til rette for barn med særlege behov. Vi utarbeider sakkunnig vurderingar der vi etter utgreiing vurderer om eit barn har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Frå 1. august 2024 får PPT nytt mandat i ny opplæringslov, der vi i større grad skal hjelpe skulane med å sette i verk tiltak og arbeide førebyggande. Kontoret har difor siste året førebudd oss til denne endringa og deltek no mellom anna i barnehagane og skulane sine eigne team ute i einingane.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som assisterande einingsleiar/PP-rådgivar

50 % assisterande einingsleiar og 50 % PP-rådgivar

Vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle ei god PP-teneste og vere ein pådrivar for profesjonsutvikling. Leie tenesta i å bygge gode interne faglege system og legge til rette for eit godt arbeidsmiljø for tilsette.

Arbeidsoppgåver:

Assisterande einingsleiar:

  • fagleg utviklingsarbeid i tenesta
  • fagleg oppfølging og rettleiing av PP-rådgivarar for å sikre at tenesta kontinuerleg arbeider etter gjeldande lovverk
  • ansvar for å fordele og kvalitetssikre arbeid med sakkunnige vurderingar
  • ansvar for at PPT har naudsynte kartleggingsverktøy og sikre opplæring i desse
  • ansvar for å utvikle system og rutinar som sikrar fagleg kvalitet i tenesta
  • fagleg opplæring og rettleiing av nytilsette
  • som følge av kontinuerleg utvikling av tenesta må ein rekne med endringar i oppgåver, ansvarsområder og organisering

PP-rådgivar:

  • konsultasjon, rettleiing og rådgiving
  • utgreiing av barn/elevar og utarbeiding av sakkunnige vurderingar
  • drive kompetanse- og organisasjonsutvikling i skular og barnehagar
  • samarbeid med føresette, barnehage/skule, og med eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
  • profesjonsstudiet/mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller innanfor sentrale fagområde for PPT
  • minst fire års erfaring frå arbeid i PPT
  • erfaring med organisasjonsutvikling og kompetanseheving
  • relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivingskompetanse
  • kjennskap til barnehagar og skular som utdanningssystem
  • god norsk språkføring, både munnleg og skriftleg.
  • For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevast det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden
For stillinga vert det i tillegg lagt vekt på:
  • relevant leiarerfaring, og personlege eigenskapar som evne til samarbeid, samskaping og dialog.
  • vidareutdanning innan leiing og endringsarbeid
  • god kjennskap til gjeldande lovverk og forståing for PPT sitt arbeid
  • at ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar.
  • evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt.
  • gode digitale ferdigheiter

Vi søker deg som er omgjengeleg, fleksibel og som ser mogelegheiter. Du har god evne til eigenleiing og er utviklingsorientert. Som assisterande einingsleiar er det viktig å vere ein relasjonsbyggar og ein støttespelar for dei tilsette.

Vi er ei eining med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer. Arbeidsoppgåvene er spennande og utfordrande, og det er gode mogelegheiter for fagleg utvikling. Vi har kompetansetillegg, fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar. Har du lyst til å jobbe med oss, send oss ein søknad, vi ser fram til å høyre frå deg.

Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune. 

Du må legge fram politiattest før oppstart i stillinga.

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6802 Førde
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

kommune, PP-rådgivar, Assisterande einingsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rebekka Wilhelmsen Solheim
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
57 82 93 00
Mobil
99 61 05 89
Følg firma
27 følger dette firmaet

6802 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 344684446
Sist endret 2. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse