Utløpt

Direktør til Det Norske Teatret

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Direktør
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Det Norske Teatret skal vere eit kunstnarleg kraftsenter i Noreg ved å utvikle stor scenekunst, engasjere publikum og vareta språkoppdraget med å lage djervt og ope teater på nynorsk og dialektar. Den noverande direktøren vår har fått ny jobb, og vi skal finne den rette personen til å ta over etter han.

Direktøren skal vere med og utvikle og drifte teateret i tett samarbeid med teatersjefen, og er organisatorisk underordna teatersjefen, men rapporterer til styret på sine ansvarsområde. Direktøren har ansvar for administrasjon og økonomi, teknikk, produksjon, marknad, kommunikasjon og personalansvaret for dei tilsette på desse områda. Vidare har direktøren ansvaret for drifta av eigedomen.  

Vi ser etter ein person som kan vise til brei leiarerfaring, gjerne frå kulturverksemd av ein viss storleik når det gjeld budsjett og tilsette. Direktøren må ha god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til teateret, og stillinga krev òg god samfunnsforståing og politisk innsikt. Du må kunne vise til solid erfaring frå økonomistyring og personalleiing, forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde. Det er òg viktig at den nye direktøren vår har dokumentert erfaring frå organisasjonsutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Det Norske Teatret er ein viktig nynorskinstitusjon. Det betyr at direktøren må meistre nynorsk som arbeidsspråk. Løn etter avtale. Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Hilde Barstad, tlf. 975 92 246, eller rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752. Kandidatar kan vere konfidensielle, også for oppdragsgivar, fram til anna er avtalt.

Gå inn på www.mollerstad.no for å leggje inn søknad innan 10.04.2024.


Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2023 var nær 700 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Teateret spelar i dag på tre faste scenar i sitt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

ledelse, direktør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Barstad
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
97 59 22 46
Kontaktperson
Gro Møllerstad
Stillingstittel
Rekrutteringsrådgivar
Telefon
91 55 97 52
Følg firma
573 følger dette firmaet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 344006928
Sist endret 24. apr. 2024 17:20

Rapporter annonse