![Valle Sparebank logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/2/vertical-1/22/1/900/246/11_1210386237.png)
Administrerande banksjef
Valle Sparebank
- Frist 10.3.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie ein solid og utviklingsorientert sparebank med ei viktig samfunnsrolle i lokalsamfunnet?
Vår dyktige banksjef gjennom 5 år tek fatt på nye utfordringar utanfor banken, og vi søkjer difor ein person til å overta denne særs viktige rolla.
Vår visjon:
"Valle Sparebank skal vere ein sjølvstendig sparebank kundane er stolte av å vere ein del av".
Som banksjef har du ansvar for bankens totale verksemd. Du skal ivareta både administrative og forretningsmessige oppgåver, og din posisjon i lokalmiljøet vil vere viktig. På laget ditt får du 16 dyktige og kompetente kollegaer som kvar dag bidreg til å oppretthalde vår unike posisjon som ein solid aktør i ein stadig meir konkurranseutsett marknad. Vi er tett på våre kundar og er opptatt av å vere tilgjengeleg; med ei nær forankring for både private kundar og bedrifter. Som banksjef i Eika-alliansen får du samarbeide med Eika sitt sterke kompetansemiljø på blant anna kapitalforvaltning, makroanalyse og berekraft.
Som bankens øvste leiar forventar vi at du:
- leier og utviklar banken i samsvar med vedteken strategi og planar, samt sikrar forsvarleg internkontroll og risikostyring
- bidreg til å vidareutvikle ein god organisasjonskultur, sørger for god lagbygging og kompetanseutvikling, slik at banken er godt rusta for komande generasjonar
- sikrar kontinuerleg utvikling og implementering av produkt og tenester til våre kundegrupper gjennom samarbeid med Eika-alliansen og andre av bankens interessentar
- er marknadsorientert og aktiv i høve til sentrale kundar og samarbeidspartnarar
Som leiar er du samfunnsengasjert og har god forståing for ein lokalbanks posisjon. Du er ein lagbyggar som er relasjonsorientert og kommuniserer godt både internt og eksternt. Med eit strategisk tankesett ser du dei store linjene og er moglegheitsorientert. Samtidig likar du å vera tett på, jobbar systematisk, strukturert og har god gjennomføringskraft. Det vil vera ein fordel om du har leiarerfaring frå bank/finans, eller ei anna verksemd som er underlagt strenge regulatoriske krav. Det er ønskeleg med relevant høgare utdanning.
Vi forutset at du oppfyller formalkrav gitt av Finanstilsynet.
Søknad, CV og vitnemål sendast innan 10.03.2024.
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Headvisor:
- Merete Svendsen – mobil 95 18 63 31
- Morten G. Aggvin - mobil 41 04 71 25
Ved spørsmål kan du også kontakte styreleiar i Valle Sparebank:
- Anne Gjerden – mobil 91 12 35 51
Alle førespurnader vert handsama konfidensielt inntil anna er avtala.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Direktør
- Sted: Nordibøvegen 143, 4747 Valle
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Økonomistyring, Forretningsutvikling, Risikostyring, Markedsorientering
(1/9)
- FINN-kode 341230482
- Sist endret