Seksjonssjef
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 02.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye seksjonssjef for drift og sikkerheit?
Er du vår nye seksjonssjef for drift og sikkerheit?
Seksjonssjef
Digdir har høge ambisjonar på vegne av offentleg sektor i Noreg. Er du ein leiar med særleg interesse og erfaring frå IT-drift, IT-sikkerheit og utvikling av sky- og plattformtenester? Vi har ledig stilling som leiar for seksjon drift og sikkerheit i avdeling for digitale fellesløysingar. Som seksjonssjef får du ansvar for å leie og vidareutvikle ein seksjon med 22 tilsette. Seksjonssjefen inngår i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til avdelingsdirektør.
Stillinga er fast og kontorstad er ved Digdirs avdeling på Leikanger, der i vi i dag er 130 tilsette.
Bruken av våre digitale fellesløysingar har hatt kraftig vekst dei siste åra. Løysingane blir nytta av nær alle offentlege verksemder og er avgjerande for at det offentlege kan levere gode digitale tenester. Avdeling for fellesløysingar har et spesielt ansvar for utvikling, forvaltning og drift av nasjonale fellesløysingar som ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Digtal post. Vi har også ansvar for drift av interne og eksterne IT-system, ulike IT-relaterte rådgivingsoppgåver og brukarstøtte.
Seksjon for drift og sikkerheit har ansvar for planlegging, innkjøp og drift av Digdirs tekniske IT-infrastruktur og IT-utstyr. Seksjonen er også ansvarleg for avdelingas nyetablerte plattform for fellesløysingar i offentleg sektor. Videre har seksjonen ansvar for informasjonssikkerheit innanfor både forvaltning, drift og utvikling av Digdirs interne IT-infrastruktur, og nasjonale fellesløysingar som ligg innanfor avdelinga sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- relevant høgare utdanning på minimum bachelor nivå
- erfaring med leiing knytta til personal-, prosess-, prosjekt-, eller utvikling av medarbeidarar
- erfaring frå eller kjennskap til IT-utvikling- eller sikkerheitsprosessar, fortrinnsvis frå større organisasjonar
- god skriftleg og muntleg fremstillingsevne på norsk
Det er fordel med
- erfaring innan offentleg forvaltning, eventuelt ha jobba med offentlege verksemder
- arbeidserfaring som har gitt innsikt i teknologiske utviklingsprosjekt og moderne utviklingsmetodikk
Seksjonssjef for drift og sikkerheit må kunne tryggingsklarerast på nivå HEMMELEG.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- er ein trygg og tillitsfull leiar som kommuniserer godt
- er god på å bygge team og sette felles retning
- er analytisk og har eit strategisk perspektiv
- er resultatorientert og kan gjere tydelege prioriteringer i tråd med Digdirs mål og strategiar
- arbeider for ein organisasjonskultur prega av glede, glød og fagleg integritet
Vi legg stor vekt på at den som blir tilsett er personleg egna for stillinga.
Vi tilbyr deg
- eit motiverande samfunnsoppdrag: Digidir skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- løn som seksjonssjef i spennet kr 870 900 - 1 010 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn avtalast
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Avdelingsdirektør Nina Olsen Munthe
E-post: ninamunthe.olsen@digdir.no
Telefon: 412 17 046
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 332327883
- Sist endret