Rektor
Hå kommune
- Frist 4.1.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye rektor?
Hå kommune har ledig rektorstilling på Høyland skule frå 1.2.2024.
Skulen ligg på Høyland langs Fylkesveg 44 mellom Nærbø og Bryne. For tida har skulen 110 elevar frå 1.-7. klasse og 19 tilsette. Læringsmiljøet er godt og elevane både trivst og lærer på Høyland. Bygdaskulen har elevar med mange ulike nasjonalitetar, og for tida ein liten innføringsklasse for nyankomne flyktningar.
Foreldregruppa, FAU og SMU/SU er aktive og arbeider for at det skal vera gode læringsforhold både inne og ute på skulen.
Skulen samarbeider tett med dei andre Hå-skulane og er med i skulenettverket Jærskulen.
Både elevar og personale har hatt kvar sin chromebook til bruk i læringsarbeidet sidan 2017, og skulen har gjennomgått ei omfattande digitalisering dei siste åra innan administrasjon og undervisning.
Arbeidsoppgåver
- inspirera personalet og skape energi på arbeidsplassen
- sørge for at dei tilsette får moglegheit til profesjonell utvikling, både individuelt og kollektivt
- legge til rette for involvering, deling og samarbeid
- sikre og vidareutvikle eit trygt og inkluderande skulemiljø
- analysere og vurdere om endringar i organisasjonen kan bidra til å auka måloppnåing hos elevane
- utarbeide mål og forventningar på skulen som er til det beste for elevane
- sikra medverknad i gjennomføring og evaluering av endringar
- legge til rette for at tilsette får brukt sin kompetanse
- sørge for at skulen har gode og effektive rutinar
- styre økonomien forsvarleg
- samarbeide godt med foreldre, og andre aktørar rundt elevane og skulen
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning
- skuleleiarerfaring er ønskeleg
- leiarutdanning, eventuelt avtale å gjennomføre rektorskulen
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med endringsarbeid på organisatorisk nivå er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid
- positiv innstilling
- vilje til å læra
- strukturert
- evne til problemløysing
- evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
Me tilbyr
- konkurransedyktig løn
- god pensjonsordning
- masterutdanning i leiing dersom du ønskjer
- eit positivt og utviklande leiarmiljø
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330925043
- Sist endret