Avdelingsleiar
Klepp kommune
- Frist 03.01.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Vil du vere med å byggja opp ein splitter ny skule?
Kleppelunden skule er under bygging og skal stå klar august 2024. Skulen ligg sentralt i Klepp kommune rett ved det flotte tur- og aktivitetsområdet Kleppeloen.
Kleppelunden skule er ein 1.-7. skule som skal ha kapasitet for 350 elevar. Rektor legg vekt på meistringsorientert, heilskapleg og framtidsretta leing med fokus på læring og inkludering. I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing.
På Kleppelunden skule skal me arbeida saman for at elevane skal få ein engasjerande, aktiv og lærerik kvardag. For å få til dette skal me mellom anna arbeid strukturert med Oracy, som handlar om å auka elevane sin kompetanse i å tenka, reflektera, kommunisera og forstå seg sjølv og andre, gjennom arbeid med språk.
Godt utstyrte rom vil danna grunnlaget for å kunna arbeida kreativt med digitalisering og estetiske fag. Me vil starta opp med å bruka planleggingsverktøyet DigUp, for å få ein felles plattform for dei pedagogiske planane. Strukturane i Cooperative Learning (samarbeidslæring) vil og danna grunnlaget for korleis me arbeider i profesjonsfelleskapet.
Det er ledig 2 av 3 stillingar som avdelingsleiar, som er delte mellom leiing og undervisning. 50 % av stillinga er knytt til leiing.
Ein vil ha ulike arbeidsområde etter interesser og kompetanse. Me ser spesielt etter kompetanse i IKT, skaparverkstad , tidleg innsats, spesialpedagogikk og fleirspråkleg pedagogikk. Du må vere ein god relasjonsbyggar både internt i personalet og ut mot elevar, føresette og samarbeidspartnerar. Du må kunna skapa struktur, vere ansvarsbevisst og trivast i ein hektisk kvardag. Alle 3 avdelingsleiarane vil saman med rektor vere skulen si leiargruppe, og vil leiga skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar:
- følgjer du opp personal og elevar
- bidreg du i elevsaker saman med eleven sjølv, lærarane og føresette
- tek du ansvar for skulen si IKT-satsing. Det inneber support, drift', digitale læringsverktøy og sastsing på digitale ferdigheter hos elevar og tilsette
- rettleiar og støttar du lærarane i bruk av digitale læremidler og i arbeidet deira elles
- tilrettelegg du for pedagogisk utviklingsarbeid og deltek i det profesjonsfaglege læringsfellesskapet
- tek du aktivt del i skulen si leiargruppe
- ivaretek du eit godt samarbeid med føresette
- bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- har du ansvar for bemanning, fråvershåndtering, ressurs og timeplanlegging
- samarbeidar du godt og systematisk med ulike instansar i kommunen
Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga etter nærare avtale med rektor, utfrå skulen sitt samla behov og kompetanse hos den som blir tilsett.
Kvalifikasjonar
- Du har formell undervisningskompetanse for, og erfaring frå grunnskulen. Det vil vere behov for kompetanse i fleire fag.
- Du har god forståing og kjennskap til læreplanverket og har tankar om korleis du som leiar kan bidra til pedagogisk utvikling
- Du har kompetanse i , interesse for og erfaring med bruk av ulike digitale læringsverktøy
- skuleleiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg, og vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du motiveres av å gjere ein forskjell for elevane
- Du er kreativ i møte med elevar og tilsette
- Du er ein lagspelar som engasjerer, motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
- Du er ein dyktig klasseleiar, som har lyst til og evner å leie eit lag og rettleie personalet
- Du er god til å byggje relasjonar
- Du er ein tydeleg og raus leiar
- Du nyttar forskning i eigen praksis
- Du evnar å arbeida sjølvstendig
- Du er fleksibel
- Du har godt humør og høg arbeidskapasitet
- Du er robust og tåler å stå i utfordrande situasjonar
- Personlege eigensskaper for stillinga vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- Ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og i Jærskulen
- Gode forsikrings-og pensjonsordningar
- Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar
- Oppstart 01.08.2024
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ein føresetnad for tilsetting. Den må leggjast fram snarast etter eventuelt tilbod om tilsetting og før tiltreding i stillinga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lunden 3, 4350 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Inspektør, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330901329
- Sist endret