Kommunalsjef barn og unge
Klepp kommune
- Frist 7.1.2024
Kommunalsjef barn og unge
Me søker ein utviklingsorientert og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av tenesteområde barn og unge samt Klepp kommune som samfunnsaktør. Me søker ein kommunalsjef som er analytisk og strategisk i si tilnærming, men som også trivest i ein operativ kvardag.
Kommunalsjef for barn og unge vil få ansvar for eit av dei største tenesteområda i Klepp kommune. Tenesteområde har p.t 712 tilsette. Kommunalsjefen vil ha det strategisk overordna ansvaret for utviklinga av dei tre verksemdsområda barnehage, skule og oppvekst i nært samarbeid med sektorens tre dyktige verksemdsleiarar.
Klepp kommune er i utvikling og innanfor tenesteområde barn og unge ligg det føre fleire spanande oppgåver i åra som kjem. Me er stolte av Klepp-modellen vår ift. samhandling og tidleg innsats. Me har trua på at samarbeid gjer oss betre og kommunen er ein del av Jærskulen, som er eit samarbeid om skuleutvikling mellom kommunane Gjesdal, Hå, Time og Klepp. Tilsvarande samarbeid er det også innanfor barnehage-sektoren. Det er fokus på samhandling på tvers av fag og organisasjon, og kommunalsjefen må som leiar bidra i arbeidet med å bygge ein felles kultur for Klepp, og vil få ansvar for vidare utvikling av tenesteområdet.
Kommunalsjefen vil og få ansvaret med å sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet innanfor kommunale planer, budsjett og gjeldene lov- og regelverk. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og rapporterer til kommunedirektøren.
Vår nye kommunalsjef må vera ein engasjert lagspelar med godt humør som ser viktigheita av å bygge lag og skape felles heilskapleg forståing om felles mål. Du er ein trygg og tydeleg leiar som gjennom involvering og delegering skaper oppslutning om mål, prosess og resultat.
I tillegg må du vera tillitsskapande, ein sterk relasjonsbyggar og ha gode kommunikasjonsevner. Du har gode framstillingsevner, og har ein ryddig og strukturert arbeidsstil. Du er målretta, utviklingsorientert og du kan vise til erfaring i å leie endringsprosessar. Du har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule og gjerne tilleggsutdanning innan leiing. Du kan vise til relevant leiarerfaring, god økonomiforståing og du har god forståing for ansvarsområdet. God kjennskap til kommunal forvaltning og samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad.
Me tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein veldrevet kommune med høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar. Du vil få gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til MU (Mercuri Urval) v/Silje Bolset tlf 975 59 049. Du kan og kontakte kommunedirektør Torild Lende Fjermestad tlf 957 60 797.
Søk på stillinga på www.mercuriurval.no snarast, og seinast innan 07.01.2024. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Klepp kommune arbeider me etter visjonen Med blikk for alle . Me ønsker å utvikla eit inkluderande lokalsamfunn gjennom samskaping med våre innbyggarar.
Ønsker du å vite meir om Klepp kommune?
Sjå filmen frå Klepp. Du kan og lese våre styringsdokument og planar på kommunen si heimeside www.klepp.kommune.no
- Sted: Solavegen 1, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Oppvekst, Ledelse, Barnehageutvikling, Skoleutvikling, Utdanning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330672180
- Sist endret
