Vil du jobbe i eit fengsel med utfordrande og faglege oppgåvar?
- Arbeidsgiver
- Bergen fengsel
- Stillingstittel
- Aspirantleiar - fengselsinspektør
- Frist
- 06.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Aspirantleiar - fengselsinspektør
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer leiar for aspirantopplæring i 100% stilling
Bergen fengsel er eit opplæringsfengsel i samarbeid med Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS. Dette inneber å leggje til rette for aspirantar under utdanning til fengselsbetjentstudiet i trå med den praktiske og teoretiske opplæringsplanen til KRUS.
Aspirantleiar inngår i leiargruppa i Bergen fengsel.
Arbeidsoppgåver
- personal- og oppfølgingsansvar for asirantrettleiarar og aspirantar i dei praktisk teoretiske semestrane av utdanninga på vegne av Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
- ansvarleg for planleggjing og gjennomføring av opplæring av aspirantar i trå med studieplan, årsplan og øvrege føringar frå KRUS
- fagleg ansvarleg for gjennomføring av undervisning av aspirantar i samarbeid med KRUS, herunder gjennomføring av undervisning, rettleiing, tryggleiksvurderingar og sensur av innleverte oppgåvar
- disponering og oppfølgjing av aspirantar i praksis ved eininga
- bidra i utvikling og gjennomføring av undervisning for vikarar og eksterne samarbeidspartar
- personalansvar for aspirantrettleiarar og aspirantar i praksis
Den som vert tilsett må pårekne endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS eller relevant utdanning på bachelornivå
- relevant erfaring
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har
- god fagleg forståing for kirminalomsorgens oppdrag og virkemidlar
- kompetanse og/eller erfaring innen leiing, undervisning og/eller påverknadsarbeid
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og leiareigenskapar
- endrings- mål- og resultatorientert
- god rolle - og systemforståing, og evne til å tenkje helheitleg
- evne til å planleggje, beslutte og gjennomføre innanfor gjeldande rammer
- faglig oppdatert og strukturert
- stabil og høg arbeidskapasitet
- evne til å motivere og formidle kunnskap
- kunne vere tydeleg og byggje tillit
- Personlege eigenskaper og eignethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
- stillingen lønes som fengselsinspektør kr. 635 400 - 759 100 avhengig av kompetanse og erfaring
Det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Harald Åsaune tlf. 55393605 eller inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er "Straff som endrar" og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest omfattar Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje
- Helse og omsorg,
- Politi og sikkerhet,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk,
- Vakt og sikkerhet
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Harald Åsaune
- Stillingstittel
- fengselsleder
- Telefon
- 55 39 36 05
- Kontaktperson
- Målfrid Kallekleiv
- Stillingstittel
- fengselsinspektør
- Telefon
- 55 39 36 66
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje