Leiar NAV Kinn
NAV
- Frist 3.12.2023
Leiar NAV Kinn
Vi har ledig vikariat som leiar for NAV Kinn.Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement, som søker meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver og som kan nyttiggjere deg potensialet som ligg i dei digitale framstega for å levere gode tenester.
NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase.Som NAV-leiar har du det faglege og administrative ansvaret for både statlege og kommunale tenester. Den viktigaste oppgåva er å sikre gode heilskaplege tenester og ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking.
NAV Vestland er organisert i ni regionar, kvar av desse er fagleg sjølvstendige. Region Sunnfjord består av NAV kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Ved NAV Kinn er vi 40 tilsette, fordelt på lokasjonane i Florø og Måløy.
Stillinga inngår i leiargruppa i regionen og i kommunen, du vil rapportere til regionleiar i Sunnfjord og til kommunalsjef i Kinn kommune. Du vil ha arbeidsstad i Florø, med kontordagar i Måløy etter behov.
Arbeidsoppgåver
- Skape og utvikle gode resultat i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar
- Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene ut frå innbyggarane sine behov
- Personal-, fag- og budsjettansvar
- Ansvar for å leie lokalt utvalg for medråderett etter Hovedavtalens reglar
- Legge til rette for kompetanseutvikling, organisatorisk læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
- Vere pådrivar for å utvikle gode system og rutinar, samt effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitale løysingar
- Systematisk arbeid for eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring
- Bidra til å vidareutvikle samarbeid i regionen og med våre samarbeidspartnarar
- Ta aktiv del i leiargruppa i regionen og i kommunen
Detkan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning tilsvarande minimum bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- forståingav leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
- leiarerfaring og/eller formell leiarutdanning
- leiareigenskapar i tråd med etaten sine verdiar og leiarkrav
- god kunnskap om bruk av digitale verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har:
- kjennskap til både statleg og kommunalt avtaleverk
- erfaring frå samhandling med dei tilsettes organisasjonar
- erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er strukturert
- samarbeider godt med andre
- har gode kommunikasjonsevner
- har interesse for leiing av endrings- og utviklingsarbeid
- er inkluderande og jobbar systematisk for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette
Vi tilbyr
- Meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit høgt prioritert samfunnsområde
- Aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- Statleg tilsetting med løn som NAV-leiar i stillingskode 1054 kontorsjef, med lønsspennfrå kr 777 900,- til kr 821 100 pr. år. Høgare løn kan vurderast for særs kvali?serte søkjarar
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
NAVstilling
- Sted: Hans Blomsgate 39, 6900 Florø
- Bransje: Helse og omsorg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Ledelse
Nøkkelord
Leder, NAV, Kontorleder, Offentlig forvaltning, Samfunnsoppdrag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329022071
- Sist endret