Utløpt

Norges viktigaste cruiseregion søkjer ny dagleg leiar!

Arbeidsgiver
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Stillingstittel
Daglig Leder
Frist
30.11.2023
Ansettelsesform
Fast

Cruisenettverka i Ålesund & Sunnmøre

Vi søkjer ein dynamisk og resultatorientert dagleg leiar som vil leie an i utviklinga av våre nettverk, med særleg fokus på produkt- og destinasjonsutvikling for auka lokal verdiskaping. Vi søkjer ein initiativrik leiar som deler vår lidenskap for reiseliv, og som blir begeistra av tanken om å spele ei sentral rolle i å drive og styrke nettverka våre framover, med mål om auka verdiskaping og heilårsturisme.

 

Organisering

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er ein sterk pådrivar for auka verdiskaping i reiselivsnæringa. I den samanhengen er satsinga på cruise avgjerande. I 2001 etablerte Destinasjon Ålesund & Sunnmøre dotterselskapet "Ålesund Cruisenettverk" saman med Ålesundsregionens Havnevesen og Ålesund Kommune for ei kraftsatsing mot cruisemarknaden. Vi har opplev i dag ein formidabel vekst og har etablert tre nye cruisenettverk som er samla under Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Det er Hareid Cruisenettverk, Fosnavåg Cruisenettverk, og Stranda og Fjord Cruisenettverk, alle med unike moglegheiter og ulike utfordringar.

 

Arbeidsoppgåver

·      Utvikle og implementere strategiar for produkt- og destinasjonsutvikling som skaper unike opplevingar for cruiseturistane.

·      Administrere nettverka sine daglege operasjonar med fokus på lokal verdiskaping og berekraft.

·      Bygge sterke relasjonar med lokale og regionale aktørar, inkludert næringslivet, myndigheitene, og organisasjonar.

·      Koordinere marknadsførings- og kampanjeaktivitetar for å auka synlegheit og attraktivitet mot målgruppene.

·      Sikre eit godt samarbeid med medlemmane i nettverka og styrke fellesskapet.

 

Kvalifikasjonar

·      Erfaring med produkt- og destinasjonsutvikling, gjerne innanfor reiselivsnæringa eller maritim/cruise.

·      Sterke leiings- og prosjektstyringsevner.

·      Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, og evne til å mobilisere og engasjere lokale aktørar.

·      Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk.

·      Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

·      Kandidatar med kunnskap om cruiseturisme og erfaring med berekraftige tiltak vil bli prioritert.

 

Vi tilbyr

·      Ein nøkkelrolle i utviklinga av turismen i Noregs viktigaste cruiseregion.

·      Moglegheita til å påverke og implementere innovative produkt og opplevingar.

·      Gode moglegheiter for personleg utvikling.

·      Eit inspirerande, variert og spennande arbeidsmiljø.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Skateflua, 6002 Ålesund
Bransje
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse,
Salg
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

reiseliv, turisme, bærekraft, cruise, verdiskaping

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Anker Skrede
Stillingstittel
Reiselivssjef Destinasjon Ålesund & Sunnmøre / Styreleiar i cruisenettverka på Sunnmøre
Mobil
90 98 76 98
Følg firma
2 følger dette firmaet

Skateflua, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 328494506
Sist endret 26. des. 2023 07:48

Rapporter annonse