Har du lyst til å utvikle gode og miljørette tenester for innbyggarane i Volda og Ørsta?

Arbeidsgiver
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
Stillingstittel
Driftsleiar
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ein kunnskapsrik og engasjert person som kan sikre stabil og god drift, som samstundes jaktar på smarte og heilskaplege løysingar som gir mykje miljøeffekt for innsatsen. Stillinga er nyoppretta og inngår i leiargruppa i VØR. 


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

• Organisere og administrere VØR si daglege operative drift i lag med to koordinatorar for innsamling og miljøstasjon.

• Følgje opp og inspirere det operative mannskapet.

• Økonomioppfølging for sin del av tenesteområdet.

• Logistikkoppgåver, som til dømes å syte for gode og rasjonelle transportløysingar både inn og ut av anlegga våre. 

• Stadig vere på leit etter forbetringar innan tenester, avsetnad og arbeidsmåtar. For begge anlegga er her planar for utvikling og oppgradering, og driftsleiar får ei sentral rolle i dette. 

• Syte for stabile og langsiktige løysingar for bil- og maskinparken vår, samt følgje opp bygg- og anleggsdrifta. Brannførebyggande arbeid er ein sjølvsagt del av kvardagen. 

• Delta i dagleg bruk og utvikling av internkontroll-systemet vårt, saman med dei andre. tilsette. Ansvar for at rutiner og prosedyrer knytt til tenesteområdet er relevante og i dagleg bruk. Oppfølging av gjeldande driftsløyve for dei to anlegga. 


Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

• Høgare utdanning innan drifts- eller transportrelaterte fag. Har du miljørelaterte fag eller økonomifag er det også verdifullt. Relevant leiarerfaring kan i nokon grad kompensere for mindre utdanning.

• Relevant bransjeerfaring vert lagt vekt på og vil kunne vege mykje.

• Erfaring med personaloppfølging og med bruk av kvalitetssystem.

• Erfaring frå brannvernarbeid vil telje positivt.

• God nynorsk framstillingsevne (skriftleg) og kan kommunisere på engelsk.

• Gode datakunnskapar og fortruleg med bruk av digitale verktøy og Microsoft Office.


I tillegg ynskjer vi at du:

• Er målretta, strukturert og har gode samarbeidsevner. Har vilje til å ta tak der det trengs, når det trengs.

• Har engasjement, evne til relasjonsbygging og evne til å løyse utfordringar. Er tydeleg og kan ta avgjerder.

• Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar.

• Syner respekt for kollegaer og kunder. Har ein høg lojalitet til VØR sitt samfunnsoppdrag. 

• Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar.


Vi tilbyr:

• Ei sentral og spennande rolle i utviklinga av viktige tenester for innbyggjarane.

• Arbeid innan eit fagfelt i sterk utvikling og som har stort fokus i samfunnet.

• Eit godt og stødig arbeidsmiljø.

• Regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling. 

• God pensjonsordning i KLP.

• Kurs og kompetanseheving.

• Nettverk og samarbeid med andre selskap i regionen og over heile landet.


Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Hans Peter Eidseflot på

tlf 90 85 36 34.


Søknad med CV sendast til hans.peter@vor.no innan 4.desember og merkast med "Søknad på stilling". Det er avsett tid til intervju 7. og 11.desember. 

Om arbeidsgiveren

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta kommunar. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå alle hushaldningane. VØR si samfunnsoppgåve er: "Å handtere innbyggarane sitt avfall så effektivt, miljøvenleg og verdiskapande som råd. Formålet er at VØR i lag med innbyggjarane syter for at avfallet er ein ressurs som kan brukast igjen og igjen. Slik bidreg vi til eit meir berekraftig samfunn."

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Trovmyrane 29, 6160 Hovdebygda
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Logistikk og lager,
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Peter Eidseflot
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 85 36 34
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
4 følger dette firmaet

Trovmyrane 29, 6160 Hovdebygda

Annonseinformasjon

FINN-kode 328026325
Sist endret 10. nov. 2023 16:44

Rapporter annonse