Utløpt

Vil du bidra til grøn, lokal næringsutvikling i vår region?

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane Energi AS
Stillingstittel
Dagleg leiar i nytt innovasjonsselskap
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Visindi AS

Vi har mål om vere ein katalysator i den grøne omstillinga i regionen vår og søker ein dedikert dagleg leiar som brenn for grøn, lokal næringsutvikling.

Du vil du vere motoren som driv selskapet framover med mål om å skape berekraftige og lønsame arbeidsplassar i regionen vår, sikrar solide avkastingar og aukar vår prosjekt og investeringsportefølje for å bidra til grøn verdiskaping. Vi har også ei sterk forplikting til å gjere regionen vår til eit flaggskip for grøn innovasjon og styrke SFE sin posisjon som samfunnsbyggar.

Du vil ha ansvar for den daglege drifta, inkludert prosjektstyring, økonomisk leiing og personalansvar. Vidare skal du identifisere og evaluere nye forretningsmoglegheiter innanfor fornybar energi og den grøne omstillinga. I tillegg vil du bygge og vedlikehalde solide relasjonar med interessentar, inkludert lokalsamfunnet og næringsliv.

Vi søker ein framtidsretta leiar med dokumenterte resultat innan bedriftsutvikling og som har erfaring i å bygge organisasjonar og skalere verksemder. For å lykkast i rolla må du vere samfunnsorientert, relasjonssterk og ha gode samarbeidsevner internt i organisasjonen og eksternt.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar i SFE Produksjon, inngår i firmaleiinga og arbeidsstad er Sandane. SFE arbeider målretta for eit større mangfald, og oppmodar kvinner til å søke på stillinga.

Dersom du har spørsmål om stilling eller ønskjer ein uforpliktande samtale, kan du ta kontakt med Visindi ved Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166 eller Frode Hepsø Johansson, tlf. 992 21 300. Alle førespurnadar behandlast konfidensielt. Søknad/CV sendes via www.visindi.no.

Om arbeidsgiveren

I over 100 år har Sogn og Fjordane Energi (SFE) gått i spissen og bygd ut fornybarnæringa i regionen. I dag eig SFE 33% av straumnettselskapet Linja, 27 % av straumsalsselskapet Wattn og 38 % av breibandselskapet Enivest. SFE Produksjon er SFE sitt heileigde selskap der kjerneverksemda er produksjon av straum. SFE Produksjon er no i gang med etableringa av eit nytt innovasjonsselskap som skal sette fart på det grøne skiftet i regionen, og vi ser no etter ein dagleg leiar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Sørstrandvegen 227, 6823 Sandane
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Kraft og energi,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
Analyse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Innovasjon, bærekraft, fornybar, start-up, Gloppen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nils Jørgen Tømmerås
Stillingstittel
Partner
Telefon
97 18 41 66
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Frode Hepsø Johansson
Stillingstittel
Partner
Telefon
99 22 13 00
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
4562 følger dette firmaet

Sørstrandvegen 227, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 324862370
Sist endret 20. des. 2023 08:46

Rapporter annonse