Assistant Site Manager
Ulstein Verft AS
- Frist 12.11.2023
Assistant Site Manager
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeider innan den maritime industrien. Vi designar, byggjer og leverer løysingar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg arbeidsplass.
Ulstein Verft har aukande aktivitet og nye kontraktar gjer at vi skal auke bemanninga for skrogbygging i utlandet. Site teamet vårt i utlandet består av ein Site Manager i tillegg til inspektørar for ulike fagdisiplinar. Vi søkjer no etter ein engasjert Assistant Site Manager med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skrogbygginga vår i samarbeid med site-teamet vårt. Arbeidsstad er per no i Gdynia, Polen, og stillinga er basert på rotasjonsordning.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av Site teamet, når Site Manager ikkje er på staden
- Administrativt hovudansvar, når Site Manager ikkje er på staden
- Representere selskapet og samarbeide tett med skrogverft og kunde
- Inspeksjon og oppfølging av våre prosjekt i utlandet
- Oppfølging mot teknisk avdeling, klasseselskap og reiarlag
- Utvikling og oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
- Assistere Site Manager ved rapportering
- Ved behov, vil ein kunne verte omprioritert til oppgåver ved Ulstein Verft sitt anlegg i Noreg
Kvalifikasjonar
- Fagleg kompetanse innan stål og skrogbygging
- Erfaring frå tilsvarande arbeid i utlandet vil vere ein fordel
- Høgare utdanning eller tilsvarande arbeids- og leiarerfaring
- Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Kommersiell erfaring
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og strukturert
- Engasjert og interessert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kulturforståing
- Løysingsorientert og initiativrik
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø med høve for personleg utvikling
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
- Fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Turnusordning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sted: 6067 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produksjon
Nøkkelord
Skipsverft,, skrogbygging,, byggleder,, site,, assistant
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323872683
- Sist endret