Forretningsutviklar - lokalt solenergiselskap i Malawi
Vestland fylkeskommune
- Frist 30.10.2023
Forretningsutviklar - lokalt solenergiselskap i Malawi
Flora Vidaregåande Skule har siden 2012 samrbeidd med den Malawiske NGO-en Youth Code, som driv med både yrkesfagsopplæring og kulturarbeid. Som eit resultat av dette samarbeidet har solenergiselskapet Kumudzi Kuwale Limited blitt etablert og vakse frem til ein nasjonal aktør innan fornybar energi i Malawi. Gjennom Norec (tidlegare Fredskorpset) får selskapet finansiert ei stilling som forretningsutvikler i solenergiselskapet. Link til selskapets nettside: https://kumudzikuwale.com/
Kumudzi Kuwale betyr Bringing Light to the Villages på Chichewa, det mest talte språket i Malawi, og er et sosialt profittselskap. Selskapet vart registrert i august 2013. Det som starta som eit prosjekt for solenergi og fornybar energi i 2013, har raskt vakse til en nasjonal aktør innan fornybar energi i Malawi. Selskapet leverer rimeleg straum og lys til den fattigaste delen av Malawi si befolkning gjennom sine tre forretningseiningar for solenergi; installasjonar, ladestasjonar og ein butikk. I tillegg har Kumudzi Kuwale Limited en forretningseining for vannbrønnar, der dei tek sikte på å gi tilgang til reint og påliteleg vann til befolkninga.
Arbeidsoppgåver
For å understøtte dette gode arbeidet søker vi etter ein forretningsutviklar/ business developer til eit årsengasjement med oppstart i februar 2024 som del av NOREC sitt utvekslingsprogram.
Arbeidsoppgåver:
- Utvikle og implementere selskapets forretningsstrategi i samarbeid med leiing og styret.
- Identifisere nye moglegheiter og marknadar for selskapet.
- Delta aktivt i selskapets styrearbeid ved å gi innsikt og råd om strategisk retning, risikostyring og målstyring. Sentralt i dette er rapportering til styret.
- Bygge relasjonar med nøkkelinteressentar, inkludert partnarar, kundar og myndigheiter.
- Sikre økonomisk berekraft i forretningsmodellane.
- Arbeide for å styrke samarbeidet mellom KKL og YouthCode.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; entreprenørskap, økonomistyring - herunder regnskapsforståelse, inntekter og kontantflyt, rettleiing, rådgjeving.
- Det er viktig med noko kjennskap til områda som KKL jobbar innanfor.
- God engelsk munnleg og skriftleg.
- Alder 18-35 år, jfr. Norec sine retningslinjer.
- Framlegge godkjent politiattest ved oppstart av arbeidsforholdet.
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.
- Resultatorientert med handlekraft.
- Systematisk og fleksibel med evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
- Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
Vi tilbyr
Malawi vert ofte referert til som The warm heart of Africa er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Deltakarane disponerer eigen bustad.
Kontrakt på 12 mnd, oppstart i Februar 2024.
Krav om deltaking på førebuingskurs (1 veke) før oppstart i regi av Norec.
Løn etter Norec sine satsar, kring 20,000 kr per mnd.
Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.
Atterhald om finansiering frå Norec.
Meir informasjon får du hos Knut Chr. Clausen (41530684)
Send søknad og CV på engelsk. Søknadsfrist 30.10.23
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kraft og energi, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Økonomistyring og budsjettering, Prosjektledelse
Nøkkelord
Solenergi, Malawi, NOREC, forretningsutvikler, NGO
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323855648
- Sist endret