
Prosjekt- og byggjeleiar
Kvam herad
- Frist 31.10.2023
Prosjekt- og byggjeleiar
Kvam herad har gjennom fleire år gjort gode investeringar i nye barnehagar, skular og helse- og omsorgsbygg. No søkjer me ein dyktig og engasjert prosjekt- og byggjeleiar til gjennomføring av nye byggeprosjekt i kommunen.
Stillinga inngår i avdelinga FDV-Bygg, som saman med Kvam brann- og redning, Fellessekretariat og Kommunalteknikk VAV, utgjer Eining for teknisk og informasjon i kommunen. Arbeid i prosjekta vil føregå i samarbeid med dyktige fagfolk, prosjektmedarbeidarar og øvrige prosjekt- og byggjeleiarar både innad i avdelinga og kommunen elles.
Som vår nye prosjekt- og byggjeleiar vil du i første omgang får ansvar for realiseringa av nye Øystese skule. Barneskulen er planlagt for i overkant av 300 elevar, og skal leggja til rette for å vera ein samlingsstad både i og utanfor skulen sine opningstider.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utforming av konkurransegrunnlag og konkurransegjennomføring
- Ansvarleg for kvalitet, framdrift, økonomi og HMS i tråd med prosjektbestilling
- Finna gode løysingar og ta avgjerd ut frå økonomiske rammer, politiske vedtak, fullmakter og mål i prosjekta
- Ansvar for dokumentasjon før, under og etter prosjekt
- Ansvar for prosjektevaluering og eventuell oppfølging av manglar i ettertid
- Ansvar for rapportering, inkludert ansvar for å melda og avklare avvik med næraste leiar
- Det formelle ansvaret i høve offentlege etatar, naboar og andre som vert råka av prosjektgjennomføringa
- Diverse sakshandsaming knytt til prosjekta og andre arbeidsoppgåver innan prosjektstyring eller drift
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har relevant prosjektbakgrunn innan bygg, men erfaring frå anleggsprosjekt kan også vera aktuelt. Aktuell utdanningsbakgrunn kan vera som ingeniør eller sivilingeniør. Søkjarar med lang og relevant prosjekterfaring vert også vurderte. I tillegg ynskjer me at du har følgjande kvalifikasjonar:
• Erfaring i handtering av medverknadsprosessar for brukarar, interessegrupper mm.
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• Gode datakunnskaper. Du må vera oppdatert på nyare dataverktøy for teikningsgrunnlag, modellering, planlegging og prosjektoppfølging
• Oppdatert kunnskap om fagrelatert lovverk, tekniske forskrifter og norske standardar
• God kjennskap til byggherreregelverket og HMS-krav
• Me ynskjer at du har kjennskap til konkurranseregelverk og konkurransegjennomføring i offentleg sektor
• Det er positivt om du har kjennskap til berekning av livssykluskostnadar, klimarekneskap, BREEM og eller andre miljøsertifiseringar
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
• Har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Er kundeorientert og ein god relasjonsbyggjar
• Arbeider strukturert, er fagleg engasjert og tydeleg
• Er proaktiv, løysingsorientert og forviten
• Ynskjer ansvar og har eit ynskje om å utvikla deg gjennom jobben
Vi tilbyr
• Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
• Eit godt fagmiljø med mange ulike yrkesgrupper representert
• Stor variasjon i arbeidsoppgåver og høve til å vera med å forma stillinga
• Løns- og arbeidsvilkår etter nærare avtale
• Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
• Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
- Sted: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Prosjektledelse
Nøkkelord
Ingeniør;Sivilingeniør;Prosjektstyring;Saksbehandling;Ny, barneskule;Norheimsund;Hardanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323465015
- Sist endret