Kommunalsjef økonomi
Alver kommune
- Frist 6.11.2023
Kommunalsjef økonomi
Kommunalsjef økonomi har eit strategisk og heilskapleg perspektiv med ansvar for utarbeiding og oppfølging av handlings- og økonomiplan, samt planlegging og gjennomføring av budsjettprosess. Du har ansvar for utarbeiding av årsrekneskap og årsmelding, og har fagleg og personaladministrativt ansvar for sektor økonomi. Du har også ei sentral rolle i den totale verksemdstyringa i kommunen. Sektor økonomi består av to avdelingar, avdeling for controlling og avdeling for løn og rekneskap, med til saman 18 tilsette.
Stillinga rapporterer til kommunedirektør, og du vil vere ein del av kommunedirektørens leiargruppe med eit heilskapleg, strategisk ansvar for kommunen si drift og utvikling.
Krav og ynsjer
- Vi ser etter ein tydeleg, inkluderande og engasjert leiar som er trygg på sin fag- og leiarkompetanse
- Kommunalsjef økonomi skal leie og gjennomføre utviklings- og endringsprosessar innan fagområdet. Du må difor kunne samarbeide konstruktivt og ha gode evner til relasjonsbygging
- Det er viktig at du er resultatorientert, systematisk og evner å analysere og sjå samanhengar.
- Vi ynskjer at du har økonomisk kompetanse innan offentleg forvaltning og erfaring frå arbeid i ein politisk styrt organisasjon
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne, arbeidsspråk er nynorsk
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Formelle kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha utdanning frå høgskule eller universitet, helst som samfunns- eller siviløkonom. Særleg relevant leiarerfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Relevant arbeids- og leiarerfaring og gode IT-kunnskapar er ein føresetnad.
Vi tilbyr
- Ein ansvarsfull leiarstilling
- Godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Løn etter avtale.
- God pensjonsordning og gruppelivsforsikring
Dersom du har spørsmål kan du kontakte våre rådgjevarar Per Inge Hjertaker/Per Jorem hos Headvisor, tlf. 91729682 / 40021560,. eller ass. kommunedirektør Martin W. Kulild/kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun, tlf. 46414800 / 91586338.
Ver vennleg og fyll ut søknaden så fullstendig som mogleg. Attestar og vitnemål kan tas med til eit eventuelt intervju. Det vil etter søknadsfristen utarbeidast ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ynskjer å være unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga vil bli vurdert i høve til reglane i Offentleglova. Dersom det etter kommunen si vurdering ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkjaren bli offentleggjort. Søkjar vil i så fall bli kontakta på førehand. Søknad vert å sende innan 6.november.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: KVERNHUSMYRANE 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Strategisk, Handlingsplan, Økonomiplan, Budsjettering, Årsregnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323286446
- Sist endret
