Avdelingsleiar - Legevakta
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 30.11.2023
- Ansettelsesform Engasjement
Avdelingsleiar - Legevakta
Vi har ledig 1 års vikarierande avdelingsleiar ved Bjørnafjorden og Samnanger legevakt med moglegheit for forlenging.
Bjørnafjorden kommune skal ha ei av dei mest framtidsretta legetenestene i Noreg. Vi har utvikla Bjørnafjorden-modellen for å rekruttere og behalda dei dyktige fastlegane våre. Vidareutvikling av den interkommunale legevakta er ei viktig brikke i denne prosessen.
No søkjer vi ein engasjert og kunnskapsrik avdelingsleiar for den interkommunale legevakta i eit års vikariat i 100% frå 1.11.2023 (med moglegheit for fast tilsetting).
Arbeidsstad
Bjørnafjorden og Samnanger interkommunale legevakta har pt. to vaktstasjonar: Moberg og Eikelandsosen.
Arbeidsoppgåver
- Den interkommunale legevakta er ei avdeling under eininga for Legetenesten. Leiaren har administrative og driftsansvaret for avdelinga.
- Saman med legevaktsoverlege styrar avdelingsleiar avdelinga. Det er difor forventa at kandidaten ikkje berre har kunnskap om det (akutt)medisinske, men også har gode samarbeidsevner og inntek leiar og arbeidsgivarperspektivet.
- Avdelingeleiar rapporterer til legevaktsoverlege og i nokre oppgåver direkte til einingsleiar.
- Avdelingsleiar deltek i leiarteamet til eininga, saman med legevaktsoverlege, sjukeheimsoverlege, kommuneoverlegane og administrativ koordinator.
- Fagleg og organisatorisk styring og utvikling av sjukepleietenestene på legevakta.
- Arbeide systematisk med å utvikle og drifte tenesta i tråd med behovet til befolkninga, målet til kommunen og krav i lov og forskrifter.
- Ha delegert ansvar innan personal og økonomi (i tråd med gjeldande delegasjonsreglement).
- Gjennomføring og implementering av mål- og strategiarbeid.
- Vere ein synleg leiar i avdelinga.
- Ansvar for turnusplanlegging.
- Undervisning, rettleiing og supervisjon.
- Delta i arbeidsmiljøarbeid, HMS og medarbeidaroppfølging.
- Administrativ leiing og personalansvar for legebilsjåfører i Eikelandsosen.
Legevakta er akutteneste på dagtid og utanom legekontora si opningstid.
Kvalifikasjonar
- Er offentleg godkjend sjukepleiar.
- Har klinisk kompetanse innan prehospitale tenester anbefales.
- Har teoretisk og praktisk kompetanse innan legevaktmedisin.
- Har minimum 3 års relevant leiarerfaring.
- Videreutdanning innan leiing er ønskjeleg, men kan kompenserast med leiarerfaring.
- Har god munnleg og skriftleg framstillings- og kommunikasjonsevne.
- Har aktivt reflektert rundt innhald i stillinga og korleis ein ønskjer å bidra med å utvikle tenesta mot både noverande og framtidige krav og forventningar.
- Har evna til å innta fleire perspektiv, m.a. pasient-, leiar- og arbeidsgivarperspektivet.
- Gode dataferdigheiter
Det vil i tillegg til desse kvalifikasjonane bli lagt vekt på personlege eigenskapar, engasjement, stabilitet og evne til å kunne arbeide både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Personlege eigenskapar
- Har evna til å sjå nye løysingar, og mogleigheter, særleg «der alt anna er prøvd».
- Er ryddig, strukturert, arbeider systematisk og følgjer opp arbeidet.
- Lærevillig og ikkje redd for utfordringar.
- Har evne til å kunne ta sjølvstendige avgjerder og toler å stå i stort arbeidspress med mange utfordrande oppgåver.
- Har engasjement, stabilitet, og evna til å kunne arbeide sjølvstendig, og i godt samarbeid med andre.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper.
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar i å skape/forme morgondagens legevakt.
- Ein svært spennande stilling til vår Interkommunale legevakt som er i ei spennande utvikling.
- Vere del av eit pulserande miljø som avdelingsleiar i helse- og velferdssektoren.
- Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, eit team med dyktige akuttsjukepleiarar og vaktlegar og ein arbeidsplass der vi ønskjer å leggje til rette for fagutvikling og eit kvalitetsmessig godt tilbod til tilsette, kollegaer, pasientar og pårørande.
- Konkurransedyktig løn og andre betingelsar etter avtale.
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Avdelingsleder, Leder, Legevakt, Akuttjeneste, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323268800
- Sist endret