Kommunalsjef samfunnsutvikling
Austevoll kommune
- Frist 29.10.2023
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Kva søkjer vi?
Austevoll kommune søkjer ein engasjert og inkluderande kommunalsjef for samfunnsutvikling. Dette er ei nøkkelrolle i eit stadig skiftande tenesteområde, med utfordrande oppgåver som skal løysast i åra framover.
Me søkjer ein erfaren leiar med kapasitet og kunnskap til å handtera varierte arbeidsoppgåver med stort ansvar.
Om stillinga
Som kommunalsjef for samfunnsutvikling vil du leia og utvikla eit breitt tenesteområde med stor påverknadskraft på tenestene i kommunen.
Du vil inngå i leiargruppa til kommunedirektør og representera kommunedirektør i politiske råd og utval. Dette er ei spennande leiarstilling i Austevoll kommune, der rammevilkåra gir tryggleik for å lykkast med å utvikle kommunen på ein berekraftig måte.
Ansvars- og arbeidsområde
- Organisering, utvikling og økonomistyring innan tenesteområdet
- Gi støtte og rettleiing til leiarar i sektoren
- Overordna ansvar for fag, personal og økonomi
- Fremje heilskaplege, strategiske og tverrfaglege samarbeidstiltak
- Motivere til engasjement og kontinuerleg utviklingsarbeid
- Fremje medarbeidarinvolvering og brukarmedverknad i alle prosessar
- Bidra til strategisk leiing og utvikling av heile kommunen
- Forberede og følgje opp politiske saker i samarbeid med kommunedirektør
- Representere kommunen i samarbeidsforum, saman med nabokommunar, fylkeskommunen og statlege organ innanfor tenesteområdet
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonar og erfaring
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå komplekse organisasjonar
- Solid prosjektforståing og -erfaring
- Erfaring med strategisk omstillings- og utviklingsarbeid
- God samfunnsforståing og innsikt i samspelet mellom politikk og administrasjon
- Erfaring med økonomistyring, budsjettering og økonomiplanlegging
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du har gode evner til å inspirera, motivera og byggja gode relasjonar.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Dine kommunikasjons- og samarbeidsevner er svært sterke og du evnar å oppnå resultat også gjennom andre.
Du jobbar systematisk, målretta og er løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Ei strategisk leiarstilling i ein kommune med høgt aktivitetsnivå
- Ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Ei viktig og sentral stilling i kommunen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikka på ‘Søk stilling' knappen på denne sida. Du må sørgja for at alle relevante vedlegg, inkludert attestar og vitnemål, er lasta opp innan fristen.
Vil du høyra meir om stillinga, kan du kontakta Anette Hansen og Torill Eidsheim i Jefferson Wells. Sjå også Austevoll kommune sine nettsider for ytterlegare informasjon.
Alle førespurnader vil bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at søkjarar kan førast opp på offentleg søkjarliste sjølv om søkjaren har bedt om anonymitet, men dette vil du i tilfelle få varsel om i forkant.
Anette Hansen
Tlf: 900 80 079
Epost: Anette.Hansen@Jeffersonwells.no
Torill Eidsheim
Tlf: 993 25 710
Epost: Torill.eidsheim@jeffersonwells.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322811891
- Sist endret