
Pedagogisk leiar
Time kommune
- Frist 22.10.2023
Pedagogisk leiar
Vestly idrettsbarnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2024.
Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og 3 uteområde. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 4 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet.
Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Totalt er me 13 pedagogar i tillegg til sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar og me har eigen kokk som lagar 3 måltid kvar dag.
Barnehagen har, barnehageåret 2023–2024, 7 avdelingar med 118 barn.
Arbeidsoppgåver
Me ser etter ein pedagog som kan:
- gje barna ein god og trygg start på livet
- følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga
- legga til rette for eit godt samarbeid blant kollegaar og med føresette
- ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering
- bidra til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent barnehagelærerutdanning
- Du har godt humør, og er med på å skapa trivsel og humor i kvardagen
- Du er løysingsorientert og målbevisst
- Du er fagleg engasjert, aktiv, framtidsretta og nytenkande
- Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team og er entusiastisk
- Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette
- Du har eit ønske om å vidareutvikla barnehagen
- Du har fokus på kosthald og rørsleglede
- Du har gode norske språkferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeida sjølvstendeg og ta initiativ til oppgaver som må gjennomførast
- Vilje til å ta på seg nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må lika utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og kunna ta avgjerder
- Evne til å ta ansvar for eiga utvikling og tileigna deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og framstå klar og tydeleg
- Det er krav til gode norskkunnskaper, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil verta vektlagt i tilsettingsprosessen
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit bredt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Velferdsordningar
Me gjer merksam på at søkarlister til stillingar er omfatta av offentleglova. Om du ønsker å verta unntatt frå offentleg søkarliste, må du oppgje det i søknaden med begrunnelse.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sted: Vestlyvegen 117, 4347 Lye
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
Nøkkelord
pedagog;, barnehage;, pedagogisk, leiar;, pedagogisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322547301
- Sist endret