Rektor
Ulvik herad
- Frist 16.10.2023
Har du lyst til å bli rektor i Perla i Hardanger ?
2.gangs utlysning
Brakanes barne- og ungdomsskule har ledig 100% fast stilling som rektor.
Stillingsskildring
Brakanes barne- og ungdomsskule i Ulvik herad er ein fulldelt 1.-10. skule. Skulen har 143 elevar og ligg midt i sentrum av Perla i Hardanger - Ulvik Herad med gangavstand til gardsbruk, strand, bibliotek, kino, idrettsanlegg mm. Skulen har flotte naturomgjevnad og har uteskuleområde i nærleiken, symjebasseng, fleirbrukshall, uteområde med ballbinge og aktivitetspark, SFO og kulturskule.
Rektor har 100% administrasjon.
Me søkjer etter deg som kan vidareføra og vidareutvikla arbeidet med å skapa ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø, leia læreplanarbeid, fagfornying og rammeplan SFO, kan leggja strategiske føringar for framtida, vera ein pådrivar for å utvikla profesjonssamarbeidet og vidareutvikla skulen slik at elevane er godt rusta til å ta del i samfunnet.
Me ynskjer ein rektor som spreiar arbeidsglede mellom dei tilsette, og nyttar kompetansen deira til det beste for elevane og utviklinga av skulen.
Rektor skal saman med assisterande rektor, leiargruppa, tilsette og føresette byggja eit godt lag kring elevane.
Administrasjonen til skulen er sett saman av rektor, assisterande rektor, lagleiarar, spesialkonsulent og sekretær.
Ulvik herad har kommunalsjef for oppvekst som er rektor sin næraste leiar.
Heradet har interkommunalt samarbeid med Hardanger- og Voss kompetanseregion.
Hovudsatsinga til skulen er:
- Inkluderande skulemiljø
- Vidare utvikling av organisasjonskultur
- Leseutvikling
Arbeidsoppgåver
Som rektor vil du få ansvar for læringsresultata til skulen, både fagleg og sosialt. Du får ansvar for å leia og utvikla skulen i tråd med prinsipp for Brakanes skule sin praksis og satsingsområde. Du vil som rektor i skulen ha ansvar for den totale drifta, personale og økonomi.
Du vil samarbeida med føresette gjennom formelle organ som FAU og samarbeidsutval. Som verksemdsleiar i Ulvik herad føl rektor lov og avtaleverk, god forvaltningsskikk og tek eit heilskapleg leiaransvar.
Kvalifikasjonar
- Du må ha godkjent lærarutdanning og praksis frå skule
- Du har relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing
- Skuleleiarutdanning vil vera ein fordel, men annan leiarutdanning kan også vera aktuell
- For søkjarar med godkjend lærarutdanning og solid skuleleiarpraksis, kan me vurdera å sjå bort frå kravet om leiarutdanning
Personlege eigenskapar vert vektlagt og me søkjer deg som:
- Har ein raus leiarstil, er til stades og ser kvar einskild elev og tilsett som ressurs
- Er oppteken av læringsarbeidet og utviklinga til elevane
- Er pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling
- Er trygg og modig leiar som ynskjer å vera synleg i skulekvardagen
- Har god relasjonell veremåte og inkluderer alle tilsette, elevar og føresette gjennom opne utviklingsprosessar og avgjersle
- Har godt samarbeid med aktuelle fagorganisasjonar
- Er lyttande, tydeleg, resultatorientert, strukturert og har god evne til å gjennomføra
Me tilbyr:
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Leiarnettverk kommunalt og regionalt
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad
Som rektor på Brakanes barne- og ungdomsskule får du ein allsidig og utfordrande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø på skulen.
Rektor vil få konkurransedyktig løn etter avtale.
Tilsetjing: Snarast mogeleg.
Søknadsfrist: 16. oktober, 2023
For nærare opplysningar, ta kontakt med vår rådgjevar hjå Headvisor Per Jorem tlf. 40021560.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: 5730 Ulvik
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
Læringsresultat, Ledelse, Driftsresultat, Utvikling, Resultatorientert
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321709086
- Sist endret

