Rektor 100% stilling
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Frist 05.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Lyst å leie og utvikle Os ungdomsskule?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Os ungdomsskule frå 01.01.24
Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.
Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, læringsmiljø- og pedagogisk analyse og rammer for lesing.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 55 tilsette og 458 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn. Elevtalet er aukande i åra som kjem. Administrasjonen på skulen består av rektor, tre avdelingsleiarar og merkantil.
Den pedagogiske plattforma til skulen er
Tryggleik - Alle elevar skal oppleve å høyre til og vere inkludert
Anerkjenning - Alle elevar skal bli sett og oppleve samhald
Meistring - Alle elevar skal få tru på eigne evner
Os ungdomsskule skal vera ein god stad å vera for alle elevar og vi skal gi kvar elev læring som grunnlag for fagleg og sosial utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Å vera tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Relavant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant leiareutdanning/leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
Vi ser etter deg som
- Er løysingsorientert og har fokus på organisering
- Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Søknadar blir vurdert fortløpande.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
Rektor, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321464710
- Sist endret