
Avdelingsleiar i heimetenesta
Time kommune
- Frist 16.10.2023
Vil du vera med og utvikla morgondagens heimetenester?
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling, knytta til auka behov for heimetenester og endringar i korleis tenestene blir leia og levert. Til dei dyktige medarbeidarane i avdeling vest (heimetenester og bufellesskap), søker Time kommune nå ein samlande og motiverande leiar. Avdelinga held til på Sivdamsenteret, sentralt på Bryne.
Verksemda heimetenester- og rehabilitering har fire avdelingar. Avdelingane samarbeider tett, og arbeider systematisk med fagleg utvikling. Avdelingsleiar inngår i verksemdleiar si leiargruppe og deltek i kommunedirektøren sitt leiarforum. Verksemda har fagutviklar som inngår i leiar- og stabsgruppa.
Som avdelingsleiar er du ein synleg leiar med dagleg driftsansvar og oppfølging av ei flott personalgruppe med høg kompetanse. Du er ein leiar som tek ansvar for heilskapen, og fagleg- og organisatorisk utvikling. Du er ein tydeleg og engasjert leiar som trivast med personalleiing.
Arbeidsdagen din...
- inneber at du er synleg og kjenner pulsen på det som rører seg i avdelinga
- inneber at du samarbeider tett med dei gode leiarkollegaene dine, og andre samarbeidspartar i kommunen
- inneber at du i det daglege går foran og inspirerer til nye måter å løysa oppgåvene på
- inneber at du tek ansvar for personaloppfølging, turnus og økonomi i eiga avdeling
- inneber at du rapporterer til- og samarbeider tett med verksemdsleiar, innan ditt arbeids- og ansvarsfelt
Kven søkjer me?
Me søkjer deg som brenn for å utvikla og organisera tenestane saman med medarbeidarene dine
Me søkjer deg som har evna til å nytta kompetansen og eigenskapane hos den einskilde medarbeidar, og legga til rette for at me skal gjera kvarandre gode
Me søkjer deg som er oppteken av kvalitet og service, som kan nytta IKT- verktøy, og har god økonomisk forståing
Me søkjer deg som er sjukepleiar. Du har gjerne relevant erfaring frå heimetenester og/ eller innanfor leiiing, men dette er ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Saman med dei tilsette i avdelinga og leiarkollegaer, har me kome fram til nokre eigenskapar som me ønskjer at den nye avdelingsleiaren vår har:
Du er positiv, har godt humør og bidreg til det gode sosiale samholdet i avdelinga
Du engasjerer dine medarbeidarar, ved at du går foran, motiverer og er tydeleg i di leiing
Du gjer dine medarbeidere gode, ved å både utfordra, men og ved å vere ei støtte i krevjande situasjoner
Du er ein god lagspelar som er oppteken av å behalde det tette samarbeidet mellom avdelingar og leiarar i verksemda
Kva får du hos oss?
- Ein spennande arbeidsplass med høgt fokus på kompetanse og kvalitet
- Eit godt arbeidsmiljø som me er stolte av!
- God opplæring og eigen fadder
- Ei dyktig leiargruppe som samarbeider tett og som har fokus på å gjera kvarandre gode
- Det er gode mogelegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
Her er ein liten film frå ein arbeidsdag i heimetenesta:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
- Sted: Røyrvika 13, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
sykepleiar,, sjukepleiar,, organisator
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321437614
- Sist endret