Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
Samnanger kommune
- Frist 18.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer
Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
Om stillinga
Me søkjer etter ein einingsleiar som vil vera med å utvikle Samnanger kommune. Stillinga ligg i eining for teknisk fovaltning og er kombinert med handsaming av byggesaker. Eininga ligg til sektor for samfunnsutvikling, og er ei eining med 4 årsverk. Einingsleiar inngår i eit leiarteam med teknisk driftsjef og kommunalsjef for samfunnsutvikling. Me jobbar tett saman i team der du skal få påvirke arbeidskvardagen, tenestene og utviklinga av kommunen. Me treng ein leiar med på laget vårt som søkjer utfordringar, og er motivert til å vera med utvikle kommunen i tråd med framtida og innbyggarane sin behov.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Einingsleiar:
- Har fagleg-, personal- og økonomisk ansvar for eininga og utvikling av tenestene innanfor ansvarsområdet
- Ansvar for forvaltninga av saker innanfor eininga, og sakshandsaminga av desse
- Sikre planarbeid og revisjon av desse i tråd med plan- og bygningslova
- Økonomi- og personalansvar for brannberedskapen
- Har ansvar for å utvikle, planleggje og sikre ei mest mogleg effektiv ressursutnytting og god tenesteutøving av eininga
- Planleggje og utvikle styringsverktøy og rutinar som sikrar ei mest mogleg fagleg, trygg og sørvisretta tenesteutøving
- Ansvar for at personalforvaltninga i eininga er i tråd med lov, forskrifter, retningsliner og vedtekne reglement
- Sakshandsame saker for rådmannen innanfor tenesteområdet, og møter i naturutvalet og andre politiske utval etter behov
- Sikre god kvalitet på interkommunale tenester (f.t. BIR og Bergen brannvesen) innanfor sitt ansvarsområde
- Stadfortredar for kommunalsjef for samfunnsutvikling
- Byggesakshandsamar:
- Fagleg ansvar for forvaltninga av bygg- og delingssaker, dispensasjonssaker, føra tilsyn etter reglane i plan og bygningslova. Ansvar for forvaltning og registrering av bygg og adresser i matrikkelen og registrering av sanitærabonnement i KOMTEK
- Sikra god byggjeskikk og god arkitektur, miljøomsyn og kulturvern i bygge og delingssaker
- Ansvar for å legge til rette for bruk av teknologi og rasjonell utnytting av ressursane
- Ansvar for å utvikle, planleggje og sikre ei mest mogleg effektiv ressursutnytting og god tenesteutøving innanfor bygg- og delingssaker
- Ansvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk klima- og folkehelsearbeid
- Lage faste rutinar for samarbeid og informasjonsutveksling med sine medarbeidarar, og med eining for teknisk drift
- Sikre at eininga har høg digital kompetanse innanfor plan og bygningslov, samt tekniske fagprogram
Kvalifikasjonar
Krav
- Leiar av teknisk forvaltning må ha høgskule- eller universitetsutdanning på min. bachelornivå innanfor tekniske fag/plan/arkitekt/jurist
- Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Samnanger kommune nyttar nynorsk som målform.
Ønskjer
- Ein fordel med leiarerfaring
- Arbeidserfaring innanfor byggesak er ein fordel
- Kunnskap/erfaring med offentleg sektor
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsrelasjonar, evne til å leie, motivere og jobbe i team
- Vera systematisk og søkje utfordringar - samt evne å utfordre
- Utviklings- og endringsorientert
- Vera strukturert og ha høg arbeidskapasitet
- Evne til å stå i krevjande situasjonar - og ta ansvar for vegen vidare
- Relasjonelle eigenskapar
Me tilbyr
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Avtale om delvis heimekontor
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Samfunnsutvikling held til i gode lokale på Frøland. Her får du eige kontor med utsikt mot fjell og vatn. På Frøland kjem du inn i eit godt arbeidsmiljø med andre tilsette som jobbar med kommuneplan, oppmåling, prosjekt, kommunaltekniske tenester, klima, miljø og naturforvaltning. Me er omlag 20 tilsette som jobbar tett saman i team om å drifte og utvikle tenestene og kommunen.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvitingsvegen 85, 5650 Tysse
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321312852
- Sist endret