100% stilling som kommunalsjef helse- og omsorg
Ullensvang kommune
- Frist 13.10.2023
- Ansettelsesform Fast
100% stilling som kommunalsjef helse- og omsorg
Ledig 100% stilling som kommunalsjef Helse og omsorg frå 1.januar-24
Ullensvang kommune har ledig stilling som kommunalsjef innan helse og omsorg.
Dette er ei spennande stilling med utfordrande oppgåver, der du vil få ei sentral rolle i utvikling av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen. Du vil vera ansvarleg for plan- og strategiarbeid i sektoren.
Kommunalsjef er ein del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar, og dei i fellesskap har ein viktig rolle i strategisk utvikling av kommunen og lokalsamfunn.
Kommunalsjef har vidare ansvar for si leiargruppe med verksemdsleiarar med ansvar for heimetenesta, institusjon, demensomsorg, fysio- og ergoterapiteneste, teneste for funksjonshemma, legeteneste og rus- / psykiatriteneste, tildelingskontor, stab: rådgjevarar, merkantil helse, kreft- og demenskoordinator. Helse- og omsorg er i endring, ei viktig oppgåve vil vera å leia og driva omstilling og utviklingsarbeid.
Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, og er tydeleg i utøving av leiing. Ein leiar som har evne til å sjå kommunen heilskapeleg, og kunne arbeide godt i samspel med administrasjon og politisk leiing.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Leie, utvikle og tydleggjere sektorens mål og retning innan kommunalområdet.
- Koordinere økonomioppfølginga, analyse og bistå verksemda. Fylgje opp vedtekne planer, budsjettvedtak og nasjonale føringar
- Personal-, økonomi og resultatansvar for eige område
- Representere rådmannen i politiske organer
- Pådrivar for innovativ tenesteutvikling innan kommunalområdet
Ønska kvalifikasjonar:
- Høgare relevant utdanning på masternivå med god kompetanse innan leiing, økonomi og administrasjon.
- Kompetanse og erfaring frå helse og omsorg
- Leiarerfaring frå offentleg forvaltning
- Gode datakunnskaper er naudsynt
- God forståing samspel politikk-administrasjon
Eigenskapar:
- Resultat- og utviklingsorientert, og er beslutningsdyktig
- Godt humør og er ein samlande relasjonsorientert leiar
- Gode samarbeidsevner og evne til å tenkja heilskapeleg
- Evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Vi kan tilby:
- Ei strategisk leiarstilling i ein ny kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.
- Ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Ei viktig og spennande stilling i kommunen
- Kommunale tilsettingsvilkår .
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig lønn med fri for inntil 10 “ leiardager" .
Aktuelle kandidatar vil verta kalla inn til intervju i oktober-23
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320747867
- Sist endret