Kommunedirektør
Sykkylven kommune
- Frist 28.9.2023
Kommunedirektør
Kommunedirektør
Sykkylven kommune søkjer ein tillitsskapande kommunedirektør med innsikt, forståing og interesse for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Vi ser etter ein leiar som involverer dei tilsette, tar avgjerdsler og har god gjennomføringskraft. Vår nye kommunedirektør må være ambisiøs på kommunen sine vegne, og ynskjer å bidra med entusiasme og nye idear.
Vi er opptekne av kommunen som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og relevante kandidatar må ha god forståing for kommunen som samfunnsaktør. Den nye kommunedirektøren må difor ha eigenskapar som sikrar gode relasjonar både internt i organisasjonen, og til innbyggjarar, nabokommunar, næringslivet og andre eksterne samarbeidspartar.
Vi ynskjer oss ein tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein tillitsbasert, motiverande og samlande leiarstil. Vidare ser vi etter ein uredd og sjølvgåande leiar som har fokus på samarbeid og som motiverast av å sjå andre lykkast.
Høgare relevant utdanning, dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar og personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein ambisiøs kommune som ynskjer utvikling, med kompetente medarbeidarar og godt samarbeid med næringslivet.
Spørsmål om stillinga kan rettast til MU (Mercuri Urval) v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036.
Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.
Søk på stillinga via Jobbnorge snarast, og seinast 28.9.2023
Det vert utarbeida offentleg søkjarliste og vi viser til offentlegheitslova §25, andre ledd om høve til å verte unnateke søkarlista.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
Ledelse, Økonomistyring, Organisasjonsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 318698914
- Sist endret
