Prosjektutviklar innan fornybar energi

Arbeidsgiver
ÅRDAL ENERGI HOLDING AS
Stillingstittel
Prosjektutviklar
Frist
06.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ÅRDAL ENERGI HOLDING AS

Årdal Energi Holding AS har ein ambisjon om å verte ein sterk aktør innan fornybar energi i vårt området, og skal gjennom sin forretningsstrategi satsa på fornybar kraftproduksjon.

Årdal Energi Holding har nyleg etablert selskapet Årdal Energi Produksjon, som skal ta denne satsinga vidare.

Difor søkjer me etter ein engasjert og dyktig prosjektutviklar som vil vera med å utvikle selskapet, og drive fram våre pågåande spillvarme og vasskraft prosjekt.

Den rette kandidaten vil vera ansvarleg for å identifisera, utvikla og implementera prosjekt innan fornybar energi. I tillegg vil den rette kandidaten få ei sentral rolle i oppbygginga av selskapet, og bidra til å forma framtida for berekraftig energiproduksjon i Årdal.

Stillinga inngår i konsernleiinga til Årdal Energi Holding og rapporterer til dagleg leiar. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av Årdal Energi Produksjon
  • Prosjektleiing og oppfølging av prosjekt
  • Identifisere og utarbeide prosjekt innan fornybar energi
  • Administrere heile utviklingsprosessen i prosjekt frå forhandlingar og fram til investeringsvedtak
  • Vera oppdatert på gjeldande lovar og reglar
  • Delta i leiargruppa

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Høgare teknisk utdanning innan energi, elektro eller liknande fagfelt
  • Erfaring med prosjektutvikling og leiing
  • Kunnskap om fornybare energikjelder
  • Kunnskap om relevante lovar og reglar for utvikling av kraftanlegg
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar
  • Kommersiell og forretningsmessig orientert
  • Evne til å byggje sterke relasjonar internt og eksternt
  • Interesse for fagfeltet og pådrivar for å utvikle selskapet inn i det grøne skifte

Årdal Energi kan tilby

  • Ein spennande jobb i ein framtidsretta bransje
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår 


Om arbeidsgjevaren

Årdal Energi Produksjon er eit nyoppretta dotterselskap av Årdal Energi Holding AS. Konsernet består av selskap innan straumforsyning, straumsal, programvareutvikling, fiber og TV. Konsernet held til i Utladalsvegen i Øvre Årdal og har 30 tilsette. 

Om arbeidsgiveren

Årdal Energi Holding AS skal vera ein pådrivar for å sikra og utvikla fornybar energi og infrastruktur til innbyggjarar og næringsliv i Årdal kommune.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Industri og produksjon,
Kraft og energi,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Produksjon,
Prosjektledelse

Nøkkelord

fornybar energi, prosjektutvikling, ledelse, organisasjonsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Stian Smedegård
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
48 03 12 58
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
2 følger dette firmaet

Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 318251982
Sist endret 8. sep. 2023 13:20

Rapporter annonse